Annonse

Human-Etisk Forbund gir full støtte til norske biskopar

Ei kyrkje skal brukast til kristne gravferder. Det er styreleiaren i Human-Etisk Forbund og norske biskopar heilt samde om.

Denne veka vart det kjent at biskopane i Den norske kyrkja opphevar unntaket som i pandemien opna for at kyrkjerom kunne brukast til ikkje-kristne gravferder. Avgjerda får full støtte av styreleiaren i Human-Etisk Forbund.

– Kyrkjerommet er Den norske kyrkjas. Vi kan ikkje forvente at det nærast er å forstå som eit offentleg seremonirom for alle, seier Christian Lomsdalen til Dagen.

Samtidig tek biskopane tydeleg til orde for å behalde formålsparagrafen i reglane for kva eit kyrkjerom kan brukast til. Denne paragrafen slår fast at kyrkjer skal brukast til «Guds ære og meinigheitas oppbygging».

– Det vitnar om manglande respekt når politikarar og andre utanfor kyrkja vil opne ho for ikkje-kristne seremoniar, seier Lomsdalen.

Styreleiaren i Human-Etisk Forbund seier han håpar klargjeringa til biskopane gjer at politikarar får auga opp for alle utanfor kyrkja treng eigne rom for verdige seremoniar ved slutten av livet.

(©NPK)

Christian Lomsdalen frå Human-Etisk Forbund leia den humanistiske seremonien etter at Shabana Rehman døydde tidlegare i år. Seremonirommet i Oslo har 285 sitteplassar. Rehmans gravferd blei flytta til Oslo rådhus med plass til 700. Foto: Heiko Junge / NTB