Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
To kameratar redda natt til onsdag ein hund ned frå eit fjell i Hovden. Hunden vart tysdag ståande bom fast, og redning vart vurdert som for farleg.
Publisert: 05.04.2023 kl 07:49
– Då er hunden henta ned i natt av to privatpersonar. Eigar av hunden er informert om dette, opplyser politiet i Agder.
Det var forbigåande i området som varsla politiet då dei tidleg tysdag ettermiddag plutseleg ikkje kunne sjå hunden og eigaren lenger. Då vart dei bekymra, skriv Fædrelandsvennen.
Hunden stod fast på ei fjellhylle på det 1.205 meter høge fjellet Lisle Storenut. Redningsaksjonen vart avslutta seint tysdag kveld, og politiet bad folk halde seg unna det farlege området.
Idar Byremo, som sjølv er hundeeigar og har hytte på Hovden, fortel til Agderposten at han og ein kollega bestemde seg for å ta seg fram til fjellhylla i 23-tida på kvelden for å prøve å redde hunden. To timar seinare var dei framme.
– Vi tok med oss selesikring og diverse, og fekk festa oss til fjellet som stakk opp. Deretter fira eg ned kompisen min, fortel Byremo til avisa.
– Det var rart, for det var akkurat som om du kunne høyre at han var i ferd med å gi opp. Den laga mindre og mindre lyd, og til slutt berre stod han der. Så dette var heilt i siste liten, seier han.
Byremo fortel at dei bytta på å bere hunden ned frå fjellet. Vel framme på Byremos hytte i 3-tida fekk den forkomne hunden både hamburgar, hundemat og vatn.
Før hunden vart redda ned, vart det sagt at hunden kanskje kunne klare å komme seg ned frå fjellhylla sjølv. Ifølgje politiet var det også diskutert å avlive hunden.
Meldinga om hunden kom tysdag klokka 13.30. Det vart raskt avklart at det var for farleg å ta seg fram til hunden både ovanfrå og nedanfrå.
Same dag vart det oppretta ein privat innsamlingsaksjon, ein Spleis, for å finansiere helikopterredning av hunden. Onsdag morgon hadde det komme inn nærare 490.000 kroner.
Seint tysdag kveld karakteriserte redningsleiar Per Hognaland i Hovudredningssentralen til VG spleisen som ein fin tanke, men han fastslo at ein redningsaksjon rett og slett var for farleg.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.