Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Ein hund har falle igjennom ein skavl og sit fast på ei fjellhylle nord for Hovden. Politiet avsluttar redningsaksjonen.
Publisert: 04.04.2023 kl 17:11
– Vi har dessverre ingen moglegheiter for å komme hunden til unnsetning. Det er for farleg, seier operasjonsleiar Tom Einar Gausdal til Fædrelandsvennen.
I løpet av ettermiddagen har politiet brukt ressursar på å redde ein hund på fjellet Lisle Storenut nord for Hovden i Agder. Også tilsette frå Hovden alpinsenter og fjellredningsgruppa i Setesdal har nedlagt ein innsats. Klokka 16.19 opplyser Gausdal om at aksjonen blir avslutta. Eigaren av hunden er gjort greie for.
– Det er fare for at skavlen kan bryte og falle ned. Det er ikkje personar inne i det som er definert som farleg område, tvitra politiet i Agder på Twitter om forholda før aksjonen tok slutt.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.