Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Hundrevis av rasande georgiarar samla seg fredag ved ein kino i Tbilisi for å protestere mot filmen «Imorgen dansar vi», som handlar om homofil kjærleik.
edvard.stenersen@ntb.no/margunn@npk.no
Publisert: 08.11.2019 kl 20:30
Folkemengda prøvde å trenge seg inn i kinoen, men vart halde tilbake av politiet. Fleire personar er skadde, ifølgje georgiske medium.
Demonstrantane brann eit regnbogeflagg og ropte «Lenge leve Georgia» og «Skam!». Det var òg ein ortodoks prest til stades som las opp ei bønn.
Før visninga gjekk politiet gjennom benkeradene med politihundar. Deretter vart dørene låste slik at kinogjengarane skulle føle seg trygge.
Den svensk-georgiske filmen er for tida sett opp ved fleire norske kinoar. Han handlar om homofil kjærleik i eit land der det rår store fordommar mot homofile. Regissøren er svenske Levan Akin, som sjølv har georgiske røter.
Filmen går nettopp føre seg i Georgias hovudstad Tbilisi. Då han spelt inn, måtte filmteamet ha livvakter, og teamet fekk fleire truslar.
Filmen var den einaste frå Sverige som var med og konkurrerte under filmfestivalen i Cannes tidlegare i år.
(©NPK)
Georgiske demonstrantar støyter saman med politiet utanfor ein kino i Tbilisi i samband med visninga av den svensk-georgiske filmen «Imorgen dansar vi», eller «And Then We Danced», som han heiter på engelsk. Foto: Zurab Tsertsvadze / AP / NTB scanpix