Hundrevis av senger vert gjort klare for asylsøkjarar
(NPK-NTB): Fleire stader i landet vert det jobba på spreng med å gjere klar senger til asylsøkjarar som har komme til Noreg og skal sendast vidare fredag.
Seint onsdag kveld fekk ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) i Vindafjord i Rogaland beskjed om at 350 asylsøkjarar kjem til kommunen dei neste dagane. Asylsøkjarane skal innkvarterast i eit eksisterande brakkeanlegg med 380 rom, skriv NRK. Kvart av romma har seng, TV, trådlaust internett og eit bad med dusj.
Også i Trøndelag er det hektisk aktivitet. Fredag kjem eit fly med 180 asylsøkjarar frå Kirkenes til Værnes.
– No set vi alle klutar til for å finne akutt innkvartering til bebuarane, så dei får varme senger og mat, seier UDIs regiondirektør i Midt-Noreg Rune Vordahl til NRK.
Mannskap frå Sivilforsvaret har dei siste dagane jobba med å ferdigstille ein brakkeleir med 650 sengeplassar ved Storskog grensestasjon i Finnmark. Også her er planen at dei første asylsøkjarane skal flytte inn fredag.
I Evje og Hornnes i Aust-Agder ventast nærmare 300 asylsøkjarar dei neste vekene, ifølgje kanalen. Rundt 200 av dei skal innkvarterast i eit eksisterande asylmottak. (©NPK)