Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Norske utlendingsstyresmakter henta inn ei stor mengd mellombelse tilsette for å ta unna asylstraumen i fjor. No kan fleire hundre miste jobben.
npk@npk.no
Publisert: 18.08.2016 kl 20:31
Utlendingsdirektoratet (UDI) har per 1. juli 1.450 tilsette Av desse er 442 mellombelse. Kontraktane til 419 av desse går ut ved årsskiftet, skriv Dagens Næringsliv.
Til og med 14. august i år er det berre kome 2.079 asylsøkjarar til Noreg. I fjor kom det vel 31.000. Rundt 25.000 av desse frå august. På grunn av den store tilstrøyminga blei talet på saksbehandlarar i asylavdelinga dobla, men no er det snart ikkje lenger behov for dei.
Dei tillitsvalde i UDI meiner at grunnbemanninga i UDI burde vere høgare. Når asyltilstrøyminga er låg, kan dei tilsette jobbe med andre oppgåver, til dømes familiegjenforeining. Dette vil også gjere beredskapen i UDI betre, seier hovudtillitsvald Irene Opseth.
– Det blir snakka mykje og det er aukande bekymring om ein får fortsette. Det er stor uvisse rundt kor mange vi kjem til å trenge, men eg opplever at det er stor forståing blant dei mellombelse for dette, seier Opseth.
UDI-direktør Frode Forfang har gjort det klart på allmøte for dei tilsette at det er stort sannsyn for at eit stort tal av dei mellombelse stillingane forsvinn.
Ingen i Justisdepartementet vil kommentere kva som skjer med dei mellombels tilsette i UDI. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.