Annonse

Hundrevis deltok på Black Lives Matter-demonstrasjon i Oslo

(NPK-NTB-Annika Bohnenblust): Hundrevis av menneske deltok fredag ettermiddag i ein demonstrasjon i Oslo mot politiets behandling av afroamerikanarar.

– Vi vil slå eit slag for alle som har opplevd rasisme, som vi ser framleis har eit grep på verda, seier Amina Bile til NTB. Ho er éin av fire unge initiativtakarar i alderen 17 til 20 år.

Oslopolitiet anslår at mellom 350 og 500 menneske deltok i solidaritetsdemonstrasjonen mot politiets behandling av afroamerikanarar. Demonstrasjonstoget gjekk frå Jernbanetorget til Stortinget der det blei haldne appellar av blant andre initiativtakarane, AUF og Sosialistisk Ungdom (SU).

Det var i all hovudsak ein fredfull demonstrasjon, men politiet arresterte ein person i byrjinga av demonstrasjonen etter at han sparka til ein publikummar på Karl Johan. (©NPK)

Annonse