Klargjør siden...
Annonse

Hurkacz donerer pengar til folket i Ukraina – 100 euro for kvart serveess i Wimbledon

Hubert Hurkacz kjem til å donere 100 euro til ukrainske borgarar for kvart serveess han leverer i årets Wimbledon.

Det fortel polakken på Twitter-kontoen sin.

– Eg vil kunngjere at eg vil donere 100 euro for kvart serveess eg slår i Wimbledon, til støtte til folket i Ukraina. Eg håpar serven min vil fungere bra, skriv Hurkacz.

100 euro svarer litt til over 1000 norske kroner.

Den 196 centimeter lange polakken er kjend for dei sterke servane sine og kan nå langt i årets Wimbledon. I fjor kom polakken heilt til semifinalen av Grand Slam-turneringa.

På vegen serva han inn heile 54 serveess. Dersom han matchar talet frå i fjor, vil det bety over 56.000 kroner i donasjon til ukrainske borgarar.

Polakken er sjuandeseeda i Wimbledon og er i gang med 1. runde av Grand Slam-turneringa måndag klokka 12.00. Der møter han Alejandro Davidovich Fokina.

(©NPK)

Hubert Hurkacz vil bidra med 100 euro til ukrainaeari nød kvar goang han leverer serveess under Wimbledon i sommar. Foto: David Inderlied / dpa via AP / NTB

Annonse