Hurtigruteskipa skal gå på biogass

Hurtigruten skal bygge om skipa sine for biogass. Avtalen som er inngått med Biokraft, er den største avtalen i verda om biogasslevering innan skipsfart.

Avtalen inneber at det Skogn-baserte selskapet Biokraft skal levere miljøvennleg biogass til Hurtigrutens skip langs norskekysten fram til 2027. Gassen skal produserast ved anlegget i Skogn.

Allereie innan 2021 skal minst seks av Hurtigrutens totalt 16 skip byggast om for å kunne drivast på ein kombinasjon av store batteripakkar, flytande naturgass (LNG) og biogass (LBG) - produsert av organisk avfall frå skogbruk og oppdrettsnæring.

Det er skipa Nordnorge, Nordlys, Nordkapp, Kong Harald, Richard With og Polarlys som først skal byggast om.

Avtalen er den største av sitt slag innan shipping nokosinne, ifølgje Hurtigruten.

- Dette er eit stort og viktig skritt for Hurtigruten, for Biokraft, for grøne løysingar i global shipping og ikkje minst for miljøet, seier konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten.

Avtalen med Biokraft - som er den største produsenten i verda av flytande biogass - strekker seg over 7,5 år. Kvar gong eitt av Hurtigrutens batteri- og gassdrivne skip kjem til Trondheim på nordgåande rute, vil det bli fylt med kortreist og miljøvennleg biogass - som dei aller første cruiseskipa i verda.

- Det er inspirerande å sjå at Hurtigruten endå ein gong viser at dei er det grønaste cruisereiarlaget i verda. Med denne avtalen, er Hurtigruten i praksis reiarlaget som innfører biogass som drivstoff innan shipping, seier konsernsjef Håvard Wollan i Biokraft.

Den første leveransen av biogass til Hurtigruten skal etter planen skje i 2020.

(©NPK)

Hurtigruta MS Nordnorge ved kai Tromsø. Dette skipet er eitt av dei seks som først skal byggast om til å gå på biogass.
Foto: Marianne Løvland / NTB scanpix