Klargjør siden...

Hushovd-draum knust

(NPK-NTB): Thor Hushovd har jobba for å sette saman eit norsk worldtour-lag i sykling, men kom ikkje i mål for 2017.

Det kunngjorde den tidlegare toppsyklisten på Instagram torsdag.

– Det er elleve månader sidan eg kunngjorde at eg ønskte å starte eit norsk worldtour-lag i sykling. Eg har jobba hardt for å få det til framfor 2017-sesongen, men dessverre har eg ikkje klart det, medgir Hushovd.

Det er finansieringa som har gjort prosjektet vanskeleg.

– Eg har hatt mange fine og interessante møte med potensielle partnarar. Dialogen vil fortsette med dei, men også med andre i framtida. Eg har lært mykje, ei erfaring eg tar med meg til seinare utfordringar, skriv Hushovd.

TV 2 hevda i mars at Hushovd mangla rundt halvparten av dei 100 millionar kronene han trengde for å etablere laget.

38-åringen vart verdsmeister landeveg i 2010. Han tok ti etappesigrar i Tour de France. (©NPK)

Annonse