Klargjør siden...

Hynne tok seg til EM-finale

(NPK-NTB): Hedda Hynne vart klar for sin første seniorfinale i eit meisterskap då ho vart nummer to i sitt semifinaleheat på 800 meter.

Den norske 26-åringen var heilt uberørt etter å ha tatt 3.-plassen i heatet sitt i kvalifiseringa på 800 meter med 2.01,85 – berre halvsekundet dårlegare enn persen.

Torsdag var det klart for semifinale, og også der imponerte jenta frå Skien. Med tida 2.01,57 vart Hynne nummer to i sitt heat, noko som held til EM-finale for 26-åringen.

– Det følast veldig bra. Eg er godt fornøgd. Det har vore kjempebra, men eg har framleis litt å gå på når det er snakk om tid, seier Hynne til NRK.

Trine Mjåland sprang i det andre semifinaleheatet med eit sterkare startfelt. 26-åringen klarte derimot ikkje ta seg til finalen etter at ho vart nummer seks i heatet sitt med tida 2.01,73. Det er sesongbeste, men ikkje bra nok til å ta seg til finalen berre fem månader etter at den norske jenta vart mor. (©NPK)

Annonse