Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Som følgje av forbodet mot bruk av hyttene har rekordmange meldt flytting til Folkeregisteret, men det held ikkje for å faktisk kunne flytte.
hege.tannaes-fjeld@ntb.no/margunn@npk.no
Publisert: 25.03.2020 kl 18:39
– Ein må i tillegg ha eit vedtak om dispensasjon frå reguleringsplan og bruksendring frå kommunen, seier avdelingsleiar Rune Møller Poulsen ved bygg- og geodataavdelinga i Trysil kommune til Kommunal Rapport.
I Trysil er det 6.813 registrerte fritidsbustader, nest flest i landet. Kommunen har førebels berre motteke éin søknad om bruksendring, men ønsker fleire velkommen.
– Vi opnar for at folk skal kunne flytte til hyttene sine, og tanken bak dette er mellom anna å stimulere til befolkningsvekst og auka skatteinntekter, seier avdelingsleiar Bjørn Tore Bækken i plan- og miljøavdelinga.
Det kan derimot ta opptil 12 veker før søknaden er behandla.
Også i Noreg største hyttekommune Ringsaker, med 7.251 registrerte fritidsbustader, opnar dei for flytting. Dei har fått 35 førespurnader om å flytte til hytta, medan to andre hyttekommunar, Hol og Vinje, har fått høvesvis tre og null søknader.
Søndag skreiv NRK at Folkeregisteret i perioden frå 14. mars til 21. mars fekk 20 til 40 saker per dag, mot tre saker til vanleg.
(©NPK)
Det er stille i hyttefelta på Hovden i Setesdal i Bykle kommune på grunn av koronapandemien. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix