Annonse
Annonse
Annonse

IAAF avlyser galla i Monaco

(NPK-NTB): Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF), med president Sebastian Coe i spissen, bestemte torsdag å avlyse den årlege gallaen sin. Årsaka er siktinga til det franske politiet mot den tidlegare IAAF-presidenten Lamine Diack.

Annonse

Det er den franske avisa L'Equipe som skriv dette.

Diack, som gjekk av som IAAFs øvste leiar i august, vart onsdag sikta og sett under etterforsking for såkalla «passiv korrupsjon» og kvitvasking. Dessutan er senegalesaren også mistenkt for ha å halde fleire dopingavsløringar skjult. Han vart seinare onsdag sett fri mot kausjon.

IAAFs årlege galla skulle gått av stabelen i Monaco 28. november, men Coe har i samråd med fyrstedømmet i Monaco bestemt å avlyse den. (©NPK)