Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Idar Vollvik unngår enda ein gong konkurs i siste liten etter at konkurskravet vart trekt måndag. Kravet skulle opp i tingretten tysdag.
npk@npk.no
Publisert: 20.06.2016 kl 14:45
Det opplyser Bergen tingrett til Nettavisen. Rettsmøtet skulle opphavleg gå den 25. april, men vart utsett til den 21. juni. Det var dei private kreditorane Camille Invest, Gira Kapital og Melver Invest som kravde at mobilgründeren vart slått konkurs.
– No får han ikkje fleire sjansar, sa advokat Martin Brox til Nettavisen for nokre veker sidan.
Vollvik er ikkje ukjent med konkurskrav. Seinast vart han kravd personleg konkurs hausten 2015, og mobilselskapet hans, Ludo, vart kravd konkurs i februar i år.
I 2014 fekk han konkurskrav mot seg seks gonger. Ved alle tilfella har gründeren og selskapet Ludo innfridd krava frå kreditorane før saka har vorte behandla i retten. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.