Annonse

Identiteten klar etter funn av død person i Bergen

(NPK-NTB): DNA-analysar har gjort det mogleg å fastslå identiteten til personen som vart funnen død i Bergen søndag 24. januar.

Det er no bekrefta at det er den sakna John Arve Breivik (54) som er funnen, opplyser politiet til Bergens Tidende.

Leivningane vart funne av ein turgåar i eit lite brukt turterreng på Breistein i Åsane bydel i Bergen, ikkje langt frå Bjørgvin fengsel. Politiet gjekk allereie dagen etter funnet ut med at dei trudde personen kunne vere Breivik, som vart meldt sakna i området i mars i fjor.

Førebelse rettsmedisinske undersøkingar viser ikkje merke etter vald på leivningane. Kriminalteknikarar har gjort undersøkingar på funnstaden. (©NPK)

Annonse