Annonse

IEA: Verda må gjere mykje meir for å skifte ut olje med fornybar energi

Det trengst mykje større innsats viss verda skal kunne redusere utsleppa i energisektoren nok til å hindre ei klima-tidsbombe, fastslår IEA.

Det internasjonale energibyrået (IEA) meiner det trengst eit «laserliknande» fokus viss verda skal greie å levere fornybar energi og samtidig halde tritt med befolkningsauken.

Onsdag la byrået fram det som blir beskrive som den viktigaste analysen av energisektoren i år, World Energy Outlook.

Der går det fram at viss utviklinga held fram som i dag, så vil utsleppa av klimagassar halde fram jamt og trutt. Verda er framleis så avhengig av fossilt brennstoff at etterspurnaden etter olje kjem til å auke fram til 2030-talet før han når toppen i 2040.

I 2040 kjem verda til å ha behov for 106,4 millionar fat olje, mot det noverande forbruket på 96,9 millionar fat, ifølgje IEAs prognosar.

I fjor steig energietterspurnaden med 2,3 prosent, den største auken sidan 2010. Kina, USA og India var i front. Samtidig auka CO2-utsleppa frå energisektoren med 1,9 prosent, den største oppgangen sidan 2013.

Det får byrået til å konkludere med at verken kursen eller klimapolitikken politikarane legg opp til, er nok til å sikre ei berekraftig framtid.

Peikar på firehjulstrekkarar

I rapporten tek byrået sterkare stilling til klimaendringane enn det har gjort i tidlegare.

Mellom anna peikar det ut bensinslukande firehjulstrekkjarar som ei av dei viktigaste årsakene til at CO2-utsleppa i energisektoren held fram med å auke. Både i Kina, USA og Europa er etterspurnaden etter slike bilar på veg oppover.

To andre faktorar som trekkjer i same retninga, er auka etterspurnad etter plast og flyreiser.

Viss den vedtekne politikken blir gjennomført, vil verda likevel ende opp i ein situasjon der hundrevis av millionar av menneske framleis ikkje har tilgang til elektrisitet, og der store CO2-utslepp vil gjere det umogleg å unngå katastrofale klimaendringar.

Skal den globale oppvarminga avgrensast i tråd med Parisavtalen, er leiarane i verda nøydde til å vedta raske og omfattande endringar i alle delar av energisystemet, skriv IEA, som nyleg publiserte ein delrapport der det blir teke til orde for å 15-doble talet på vindmøller til havs fram mot 2040.

Sol og vind

Elektrisitet basert på fornybare ressursar som vind og sol blir rekna som den viktigaste nøkkelen til ei meir berekraftig framtid, men mykje av elektrisiteten i verda kjem framleis frå fossilt brennstoff, og det vil det gjere i fleire år framover.

I Parisavtalen forplikta verda seg til å avgrense den globale oppvarminga til godt under 2 grader og helst til 1,5 grader. I oktober i fjor konkluderte likevel ein FN-rapport med at CO2-utsleppa må kuttast med ikkje mindre enn 45 prosent innan 2030 og vere nede på null innan 2050 viss temperaturen ikkje skal stige meir enn 1,5 grader.

IEA legg i rapporten sin fram eit «fornybarscenario» som skal sikre at CO2-utsleppa i verda blir kutta med to tredelar mellom 2018 og 2050 før dei blir nulla ut i 2070. Planen legg opp til at delen fossilt brennstoff fell frå 81 prosent i fjor til 58 prosent i 2040. Det vil ifølgje IEA vere nok til at temperaturauken held seg under 1,8 grader.

(©NPK)

Etterspurnaden etter olje kjem til å auke dei neste åra, meiner det internasjonale energibyrået IEA. Her illustrert ved Oseberg-plattforma. Foto: Helge Hansen / NTB scanpix