Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AP): Kvart år døyr 6,5 millionar menneske for tidleg som følgje av luftforureining. Talet vil auke dersom ikkje energisektoren kuttar utsleppa, åtvarar det internasjonale energibyrået.
npk@npk.no
Publisert: 28.06.2016 kl 09:01
Luftforureining utgjer den fjerde største trusselen mot helsa vår, heiter det i rapport frå det internasjonale energibyrået (IEA).
Dersom det ikkje blir sett i verk endringar i korleis verda produserer og brukar energi, kjem forureininga til å vere enda meir øydeleggjande for menneskeliv, ifølgje rapporten.
Luftforureininga stammar i hovudsak frå kraftverk, fabrikkar og køyretøy. Hushaldsforureininga kjem frå skitne komfyrar først og fremst i utviklingsland.
Kvart år misser om lag 3 millionar menneske livet i ung alder som følgje av luftforureining. Utslepp og røyk frå omnar i heimen blir sett i samanheng med 3,5 millionar dødsfall, ifølgje rapporten. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.