Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Ikea oppfordrar kundar som har ein Gothem-lampe, om å slutte å bruke han med ein gong og ta han med tilbake til Ikea og få kjøpesummen tilbake. Bakgrunnen er fare for støyt.
npk@npk.no
Publisert: 17.03.2016 kl 07:19
Sist oppdatert: 17.03.2016 kl 08:29
Det er funne eksempel på skadar på leidningar, og dette kan føre til at metallfoten på lampane blir straumførande og dermed utgjer ein tryggingsrisiko.
Gothem-lampene har blitt selt hos Ikea sidan oktober 2015.
Tilbakekallinga gjeld alle dei tre modellane av lampen – to bordlampar og ein golvlampe.
Ikea har ikkje fått meldingar om personskadar, men har fått beskjed om hendingar frå to kundar og éin medarbeidar som har fått elektrisk støyt. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.