Klargjør siden...

Ikea kallar tilbake leiker på grunn av kvelningsfare

(NPK-NTB): Ikea ber folk som har kjøpt Lattjo trommestikker eller tungetromme å gjere dei utilgjengelege for barn og levere dei tilbake for å få igjen pengane. Grunnen er fare for kveling.

– Dette er eit førebyggjande tiltak etter seks rapportar frå medarbeidarar ved Ikea-varehus om at gummikula på trommestikkene kan losne eller bli skrudd av. Ei laus gummikule kan medføre kvelningsfare for små barn. Ingen hendingar er rapportert, skriv varehuskjeda.

– Filosofien vår er at vi berre tilbyr produkt som vi ville gitt til våre eigne barn. Trass i at Lattjo trommestikker og Lattjo tungetromme tilfredsstiller relevante tryggingsstandardar for leiker, kallar vi tilbake desse produkta som eit førebyggjande tiltak, seier Cindy Andersen, leiar for avdelinga for barneprodukt i Ikea. (©NPK)

Annonse