Annonse

Ikea-mandlar blir kalla tilbake

(NPK-NTB): Ikea kallar tilbake posane med rosin- og mandelblanding på grunn av innhald av nøtter som ikkje er opplyst om på posen.

Den svenske møbelgiganten har oppdaga at enkelte «Russin & Mandel»-posar kan innehalde paranøtter, cashewnøtter, valnøter og hasselnøter, noko som ikkje er opplyst om på posen.

Personar som ikkje toler nøtter, kan oppleve ein allergisk reaksjon dersom dei et produktet. Det er trygt for alle som ikkje er allergiske eller følsame mot nøtter.

Tilbakekallinga gjeld produkt med slik informasjon på posen:

  • Best før-dato: 06.04.2016
  • Produksjonsdatokode: 5169
  • Partinummer: L33573

Kundar som ikkje toler nøtter, eller er berørt på annan måte, kan levere tilbake posen til Ikea der dei vil få refundert pengane. (©NPK)

Annonse