Klargjør siden...
Annonse

Ikkje fleirtal for Kevin McCarthy som speaker i Representanthuset

Republikanske Kevin McCarthy gjekk på eit historisk nederlag då han tysdag ikkje fekk nok stemmer til å bli speaker i Representanthuset.

19 av McCarthys republikanske partifellar stemde mot han i avstemminga tysdag, som vart halden same dag som Kongressen tredde saman etter juleferien.

Han er dermed den første nominerte speakeren på 100 år som ikkje greier å sikre seg vervet på grunn av motstand blant sine eigne i første valrunde.

Dermed er det framleis usikkert kven som kjem til å ta over som fleirtalsleiar etter Nancy Pelosi. Republikanarane sikra seg eit knapt fleirtal i forsamlinga etter valet i fjor.

McCarthy trong 218 stemmer for å leie kammeret dei kommande åra. Republikanarane har 222 av representantane.

Nederlaget betyr likevel ikkje at McCarthy er ute av leiarstriden. Han kan gå sigrande ut av ei kommande avstemming. Den førre gongen ein kandidat til fleirtalsleiar ikkje vart vald i første runde, var i 1923. Den gongen tok det ni valrundar og fleire dagar å få valt speaker, skriv BBC.

Inntil ein ny leiar er på plass, kan likevel Representanthuset ikkje behandle nokon andre saker.

Også i Senatet, der Demokratane har eit knapt fleirtal, vart det tysdag heldt avstemming om kven som skal fylle det viktigaste vervet i forsamlinga. Men der var det langt mindre dramatikk.

Både fleirtalsleiar Charles E. Schumer, som er demokrat, og minoritetsleiar Mitch McConnell, som er republikanar, vart attvald.

Republikanske Kevin McCarthy har ikkje lykkast med det første forsøket på å bli valt til fleirtalsleiar i Representanthuset. Foto: Susan Walsh / AP / NTB

Annonse