Klargjør siden...

Ikkje fleirtal for omstridd fråværsgrense

(NPK-NTB): Arbeidarpartiet seier nei til forslaget frå regjeringa om ei fråværsgrense på 10 prosent i vidaregåande skule. Dermed er det ikkje fleirtal for forslaget på Stortinget.

– Arbeidarpartiet vil ha klare reglar mot ugyldig fråvær i skulen og at skulane skal ha effektive og gode reaksjonar når reglane blir brotne. Forslaget frå regjeringa om nye fråværsreglar bidrar ikkje til det, skriv Ap-nestleiar Trond Giske på si Facebook-side.

– Regjeringa må lage ei ny forskrift i dialog med sektoren, konkluderer han.

Utdanningskomiteen på Stortinget skal gi si innstilling i saka neste tysdag. Ei kartlegging VG har gjort viser at verken dei to støttepartia, Venstre og KrF, eller Sp eller SV vil støtte den nye grensa på maks 10 prosent fråvær i kvart enkelt fag i vidaregåande skule. (©NPK)

Annonse