Regjeringa ber kommunane busetje rekordmange flyktningar
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) ber kommunane busetje 38.000 flyktningar i år. Det er 3000 meir enn tidlegare anslått.
Imdi hadde opphavleg bede kommunane om å busetje 35.000 flyktningar, i all hovudsak frå Ukraina, i 2023. Kommunane har allereie vedteke busetjing av 31.000 flyktningar. No blir dei altså bedne finne 7000 plassar til.
Korleis kommunane vil ta imot bodskapen, står att å sjå, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) til NTB.
– Kommunane har jo allereie busett rekordmange flyktningar i eit rekordraskt tempo, seier ho.
– Eg håpar vi kan halde fram med å halde trykket oppe, og at kommunane svarer positivt på å ta imot fleire enn det dei har gjort vedtak om til no. Eg forstår at dette er krevjande, samtidig er det noko av det viktigaste vi gjer no, seier Mjøs Persen.
Fristar med 50.000 ekstra
Allereie no ligg Noreg an til å passere fjorårsrekorden. Då vart rundt 31.000 ukrainske flyktningar busette. Så langt i år har litt over 15.000 ukrainarar søkt asyl i Noreg, og i snitt har norske kommunar busett 500 flyktningar i veka, viser ferske tal.
Ifølgje konstituert direktør Lisbeth Fransplass Røren i Imdi kan situasjonen endre seg gjennom året.
– Det endelege behovet for busetjing i 2023 kan både bli høgare og lågare enn det vi har kjennskap til no, seier ho.
Mange kommunar følgjer lojalt opp oppmodingane frå Imdi, medan nokre av ulike grunnar tek imot færre.
– Vi pressar dei ikkje, men ber dei innstendig, seier Røren til NTB.
Kommunar får meir pengar
Ifølgje Røren freistar no styresmaktene med ei gulrot på 50.000 kroner i ekstra integreringstilskot for kvar flyktning kommunane finn bustad til.
I revidert nasjonalbudsjett i mai har regjeringa lagt 6 milliardar ekstra kroner på bordet for å handtere flyktningsituasjonen. I alt er 18 milliardar kroner sett av til integreringstilskot i år.
– Vi ønskjer å komme behova til kommunane i møte. Derfor foreslår vi mellom anna å gi meir til kommunar som buset fleire flyktningar enn dei vart bedne om før jul, meir pengar til norskopplæringa og mellombels gjeninnføring av tilskot til kommunale utleigebustader, seier Mjøs Persen.
Ny nettside
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) rosar både kommunar og befolkninga for innsatsen så langt.
– Det er ikkje viljen det står på. Det er eit godt utgangspunkt, seier han.
Men samtidig peikar han på at om Noreg skal greie å absorbere alle flyktningane som kjem, må folk vere villige til å opne hus og heimar og stille til dømes sokkelleilegheiter og hyblar til rådvelde.
I juni lanserer regjeringa derfor ei ny nettside – boligdugnad.no – der ein kan få informasjon om alt frå regelverk til tilskotsordningar.
– Nettsida vil vere målretta mot privatpersonar som har høve til å huse flyktningar, seier Gjelsvik.
(©NPK)
Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) ber kommunane om å stille opp og busetje 7.000 fleire ukrainske flyktningar.
Foto: Hanna Johre / NTB / NPK