Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Auka skatt for selskap og rike personar kan bidra til å finansiere tiltak for å sikre økonomisk vekst etter koronakrisa, meiner IMF.
vaktsjef@ntb.no/kjell.asmund.sunde@npk.no
Publisert: 07.04.2021 kl 20:20
Forslaget blir fremja i ein ny rapport som Det internasjonale pengefondet (IMF) la fram onsdag.
I rapporten blir det påpeika at det er mogleg å auke skattane mellombels. IMF viser til at ein del selskap har gjort det svært godt medan pandemien har gått føre seg.
Land som vel å auke skattetrykket for selskap og velståande befolkningsgrupper, kan bruke dei ekstra midlane på tiltak med positive effektar både for økonomien og samfunnet meir generelt. IMF peikar på vaksinasjon mot covid-19 som eit døme.
IMF gjentok onsdag at organisasjonen er tilhengjarar av ein global minstesats for selskapsskatt. Også USA har den siste tida erklært støtte til ein slik minstesats.
(©NPK)
IMF-logoen på hovudkvarteret til organisasjonen i Washington. Illustrasjonsfoto: Andrew Harnik / AP / NTB