Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Nesten kvar fjerde nordmann seier dei vil kutte ned på inntaket av raudt kjøtt. Forskar Bjørg Egelandsdal er uroa over trenden.
npk@npk.no
Publisert: 05.01.2016 kl 07:13
Sist oppdatert: 05.01.2016 kl 11:48
I ei spørjeundersøking Sentio har gjennomført for Nationen, oppgir 23 prosent – nesten éin av fire – at dei vil ete mindre raudt kjøtt i 2016.
Helsedirektoratet rår nordmenn til å avgrense inntaket av raudt kjøtt, og spesielt kvinner ser ut til å følgje rådet. Blant dei har 29 prosent planer om å ete mindre raudt kjøtt, mens blant menn svarar 17 prosent det same.
I oktober plasserte Verdshelseorganisasjonen (WHO) raudt kjøtt i same kategori som plantevernmiddelet glyfosat, på grunn av faren for å utvikle tarmkreft.
Likevel er professor Bjørg Egelandsdal ved Norges miljø- og biovitskaplege universitetet (NMBU) uroa over utviklinga når fleire nordmenn seier at dei vil kutte kjøttforbruket.
– I Noreg er konsumet berre litt over tilrådd nivå hos menn, mens for kvinner er konsumet under det som blir tilrådd frå fleire faglege hald. Når kvinner et mindre raudt kjøtt enn det dei burde, er det veldig uheldig at dei som er mest påverka av WHO-åtvaringane vil redusere inntaket endå meir. Det er fullstendig unødvendig, seier ho til Nationen.
Egelandsdal som sjølv eig 16,67 prosent av det vesle engrosfirmaet Red Meat på Stabekk i Bærum, viser til at raudt kjøtt er ei viktig kjelde til protein og mineral som sink og jern, og fleire typar B-vitamin. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.