Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Éin av ti spurde seier at dei angrar på tatoveringa si. Verst er det for dei med mange barn.
npk@npk.no
Publisert: 25.02.2016 kl 14:48
Det viser ei spørjeundersøking som Norstat har gjort.
I undersøkinga seier 10 prosent av dei spurde som har tatovering, at dei er heilt samd eller delvis samd i påstanden «Eg angrar på tatoveringa mi». Det store fleirtalet, 65 prosent, seier derimot at dei er heilt usamde i påstanden.
Delen av dei spurde som har vurdert å fjerna tatoveringa, ligg på 8 prosent.
Undersøkinga viser også at delen som angrar, aukar med talet barn denne personen har. Blant dei med tre eller fleire barn ligg delen som angrar på 20 prosent.
Spørjeundersøkinga er gjennomført på oppdrag frå Remove, ein laserklinikk som fjernar tatoveringar. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.