Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Kvar tiande friske nordmann har antibiotikaresistente bakteriar i kroppen, viser ei ny kartlegging frå Folkehelseinstituttet (FHI).
npk@npk.no
Publisert: 14.06.2016 kl 07:31
Det er første gong instituttet har kartlagt førekomsten av antibiotikaresistente bakteriar blant friske nordmenn, skriv Nationen. Fagdirektør Ulf Dahle i FHI er uroa over resultatet.
– Vi vil ikkje at folk skal vere engstelege, men vi må forstå kor viktig det er å ta smitteførebyggjande omsyn. Resistente bakteriar kan skape vanskelege infeksjonar, og i dag har vi ein betydeleg del nordmenn som ber på desse bakteriane, seier han.
I kartlegginga har FHI testa 300 friske personar frå heile landet. 7 prosent av dei hadde ESBL-bakteriar i tarmen, mens ytterlegare 5 prosent var resistente mot antibiotikatypen ciprofloxacin.
I EU-/EØS-området døyr om lag 25.000 menneske årleg på grunn av antibiotikaresistens. Dahle trur nordmenn hovudsakleg får i seg resistente bakteriar på utanlandsreiser.
– Det er lite sannsynleg at norsk mat er hovudkjelda til resistente bakteriar som er funne hos friske personar i Noreg. Då ville vi ha funne det hos fleire, seier fagdirektøren. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.