Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Kvar tredje spurte kunne tenkje seg å gå ned i lønn i byte mot meir interessante arbeidsoppgåver.
npk@npk.no
Publisert: 23.05.2016 kl 17:43
Det viser ei jobbundersøking som Finn har gjennomført.
– Vi har gjort denne undersøkinga over fleire år, og det er interessant å sjå korleis eigenutvikling har vore ein konstant viktig faktor ved jobbskifte, seier jobbanalytikar Fredrik Schjold i Finn.
Delen er høgast i Oslo. Der seier 39 prosent av dei spurte at dei er positive til lønnskutt i byte mot meir interessante oppgåver.
Forbrukarøkonom Kristina Picard i Storebrand meiner tala er positive.
– Det er ei påminning om at vi brukar store delar av livet på jobben, at i dagens samfunn er meiningsfulle arbeidsoppgåver vel så viktig som høgare materiell levestandard, i alle fall for ein tredel av arbeidstakarane i undersøkinga, seier ho.
Ho meiner undersøkinga bidrar til å nyansere bildet av at nordmenn fryktar økonomisk krise. (©NPK)