Éin million færre såg norsk film på kino i 2019

Nesten 2,1 millionar såg norsk film på kino i 2019. Det er ein nedgang på omtrent ein million frå året før.

Tala, henta frå bransjeorganisasjonen Film & Kino, er det lågaste besøkstalet førre tiår, skriv Kampanje.

Direktør Kjersti Mo for Norsk filminstitutt peikar på mangelen av store publikumsvinnarar som ei mogleg årsak.

– Vi vil sjølvsagt helst ha slike filmar kvart år. Det var «Skjelvet» som gjorde det store utslaget i 2018, og gjorde det spektakulært, på fleire vis. I 2019 kom det relativt få norske filmar på kino, og det var berre seks filmar på vårparten og ei opphoping på hausten. Det kan òg ha slått ut, legg ho til.

Marknadsdelen var på 18,4 prosent i 2019.

– Vi skulle sjølvsagt ønskt det var høgare og på nivå med i 2018, då vi for første gong nådde målsetjinga på 25 prosent norskdel på kino, seier Mo.

Ho seier vidare at delen norske filmar i fjor likevel var høgare enn i 2017, og at delen har vore relativt stabil rundt 20 prosent dei siste ti åra.

Til saman hadde kinoane om lag 11,3 millionar besøkande i 2019, omtrent ein million færre enn året før. Det er det lågaste besøkstalet sidan 2014

(©NPK)