Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
NPK-(NTB-AP): Ein arbeidar omkom da ei bru som var under bygging, kollapsa ved motorvegen A7 i Schraudenbach i Bayern.
npk@npk.no
Publisert: 15.06.2016 kl 18:50
Sist oppdatert: 15.06.2016 kl 19:16
Éin person omkom, seks er alvorleg skadde og fleire andre lettare skadde, opplyser polititalskvinne Kathrin Thamm.
Det var eit 40 meter langt strekk av brua som rasa saman, og rundt 20 bygningsarbeidarar var på staden da ulykka skjedde.
Det er førebels ikkje klart om det kan liggje fleire skadde eller døde i ruinane av brua. Årsaka til kollapsen er heller ikkje kjent. To redningshelikopter og minst ti ambulansar er sette inn i redningsarbeidet etter ulykka, skriv avisa Bild.
Trafikken på motorvegen A7 er ikkje påverka av kollapsen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.