Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-AP): Ein skuleelev skaut og såra ein medelev før ho tilsynelatande tok sitt eige liv på ein ungdomsskule i Alpine i den amerikanske delstaten Texas.
npk@npk.no
Publisert: 08.09.2016 kl 17:09
Sist oppdatert: 08.09.2016 kl 19:31
Det opplyste den lokale sheriffen Ronny Dodson til radiostasjonen KVLF torsdag. Skulane i småbyen Alpine vart evakuerte da alarmen om skyting gjekk like før klokka 9 torsdag morgon.
CNN og fleire lokale medium melde først at fleire personar var trefte av skot, og ein politioperatør opplyste at politiet jakta på ein væpna mann.
Dodson opplyser likevel at det var ein kvinneleg skuleelev som skaut ein annan kvinneleg elev inne på Alpine High School. Den såra eleven sprang ut og vart frakta til sjukehus med skadar som ikkje skal vere livstruande. Ein politibetjent vart òg moderat skadd, men det er ikkje opplyst korleis det skjedde.
Alpine har rundt 6.000 innbyggjarar og ligg i Brewster County vest i Texas. Den vesle byen ligg vel 350 kilometer søraust for El Paso. (©NPK)