Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 18.02.2023 kl 07:00 - Oppdatert: 20.02.2023 kl 15:25
Aero-Tec AS utviklar og lagar produkt til næringsmiddelindustrien og havbruksnæringa. No er bedrifta utnemnt til Gaselle for andre året på rad. Dei dobla omsetninga si frå 2019 til 2020, og igjen frå 2020 til 2021.
Publisert: 17.02.2023 kl 20:00
Regionmuseet Viti fekk svært gode besøkstal i 2022. Med nærare 300 arrangement på Sunnmøre kunne museumsstiftinga klokke inn nærare 103.000 gjester på musea.
Publisert: 17.02.2023 kl 18:00
– Fylkesvegane er viktige for folk og næringsliv i heile landet. Vi må ta betre vare på dei vi har. No følger vi opp Nasjonal transportplan, og fordeler 383,6 millionar kroner til nettopp dette formålet.
Publisert: 17.02.2023 kl 16:00
Trond Ryslett har kjempa ein lang kamp for at grendenett-kundar også skal få straumstøtte, på lik line med andre straumkundar. No har regjeringa gått med på dette.
Publisert: 17.02.2023 kl 13:00
Kommunedirektør i Volda, Rune Sjurgard, var med då Kommunane sin sentralorganisasjon (KS) presenterte rapporten «I grenseland. Samfunnsvern og sikkerhetspsykiatri i et kommunalt perspektiv».
Publisert: 17.02.2023 kl 11:00
Høgskulen i Volda har for skuleåret 2023/24 fått tilslag på seks heilt nye tilbod innanfor satsingane Kompetanse for kvalitet (KfK) og Kompetanse for fremtidens barnehage (KfB), noko som gjer at HVO har rekord med 815 studieplassar fordelt på 20 ulike fagtilbod.
Publisert: 17.02.2023 kl 07:00 - Oppdatert: 17.02.2023 kl 07:41
– Vi har trena på overflateredning i mange år, med kurs i vatn, sjø og elv. Vi har vore kalla ut på fleire oppdrag med overflateredning. Og vi har redda liv, seier brannsjef Roy Inge Heltne.
Publisert: 16.02.2023 kl 21:00
Det var Vesttun grendahus som arrangerte dette pensjonisttreffet. Ei hyggestund med godt program og sosialt samvære.
Publisert: 16.02.2023 kl 18:00
– Eg flytta til Danmark på 90-talet, nærmare sagt i 1995. Den gong ville eg lage film om danske rapparar, men så vart eg rappar sjølv, seier Runar Gudnason.
Publisert: 16.02.2023 kl 15:00
Den nasjonale studentundersøkinga Studiebarometeret viser at studentane ved Høgskulen i Volda er meir tilfreds med studiekvardagen sin enn det gjennomsnittet av studentane i Noreg er.
Publisert: 16.02.2023 kl 13:00
Sagflis har den siste tida blitt ei mangelvare over heile Europa. Lokalt er det også mange som merkar fliskrisa godt.
Publisert: 16.02.2023 kl 11:20
– Eit lynnedslag på Nerlandshornet knuste strauminntak, sikringar og delar av styringa på stasjonen. BygderadioVest sin sendar på 105,8 vart skada og må skiftast, melder Paul Sundnes i BygderadioVest.
Publisert: 16.02.2023 kl 11:00
Sandnes kommune er i ferd med å planleggje ny hall til handball, volleyball og innebandy, og då reiser dei til Volda for å hente inspirasjon.
Publisert: 16.02.2023 kl 07:00
Volda-ordførar Sølvi Dimmen vonar det dryp litt på både Volda sjukehus og Mork rehabiliteringssenter av regjeringa si ekstraløyving til helseføretaka.
Publisert: 15.02.2023 kl 20:00
Statens vegvesen kontrollerte 224 transportbedrifter for brot på køyre- og kviletidsreglane i 2022. Det resulterte i at 36 av dei vart melde til politiet.
Publisert: 15.02.2023 kl 18:00
Volda rideklubb arrangerer no stall- og stellekurs for juniormedlemmar mellom 8 og 12 år for første gong.
Publisert: 15.02.2023 kl 16:00
Politiet oppmodar i ei pressemelding alle som treng å fornye pass eller nasjonale ID-kort i år om å vere tidleg ute. I fjor var det eit rekordår for fornying av pass og ID-kort i Møre og Romsdal politidistrikt.
Publisert: 15.02.2023 kl 13:00
I Volda og Ørsta er det no 29 personar som har kjøpt seg personlege bilskilt.
Publisert: 15.02.2023 kl 11:00
Visse hunderasar lever ikkje så lenge, medan andre har gode sjansar til å feire tosifra bursdagar. Ferske tal frå Agria Dyreforsikring viser kva rasar som blir eldst.
Publisert: 15.02.2023 kl 09:00
Fredag 17. februar opnar Volda og Ørsta kunstlag utstillinga «TO» med kunstnarane Åshild Hansejordet og Mathis Nango. Kunstuttrykka deira er svært ulike. Medan Nango skildrar landskap og menneske med brei pensel, konsentrerer Hansejordet seg om detaljane i naturen.
Publisert: 15.02.2023 kl 07:00
– Vi ser at elevane som er i tvil om dei skal ta sertifikat for manuell- eller automatgir, bestemmer seg lettare for automat når dei får vite at det berre er ei førarprøve som skal til for å få manuell i tillegg, seier Cindy Bentz Pedersen.
Søndag samla mange førarar av større og mindre terrenggåande bilar seg på Muldsvor i Hornindal. Her fekk dei som del av Norex Overland sitt vintertreff verkeleg prøve seg på å køyre i krevjande og tung snø i regnvêret.
Publisert: 14.02.2023 kl 21:00
Det var dametrimgruppa i Vestsida I.L. som hadde kafé sist laurdag på «Posthjørnet» ved Coop Marked på Lauvstad.
Publisert: 14.02.2023 kl 18:00
Det vart både gull-, sølv- og bronsemedaljar til KFUM Volda Volleyball sine aldersbestemte lag under Førde-cup i helga.
Publisert: 14.02.2023 kl 16:00
I fjoråret sitt siste kvartal vart det etablert 22 føretak i Volda kommune. Dette er tre føretak færre enn det som vart registrert i same periode året før.