Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 18.10.2024 kl 05:00
Volda kommune vil vurdere habiliteten sin i samband med spørsmålet om dreneringa ved støyskjermen i Engesetvegen. Statsforvaltaren har bedt kommunen vurdere sin eigen habilitet.
Publisert: 17.10.2024 kl 13:11
Rett over nyttår startar arbeidet med å utbetre Selvågtunnelen, noko som vil føre til redusert framkome.
Publisert: 17.10.2024 kl 13:10
Fylkeskommunedirektøren tilrår å seie nei til å omdanne Viti frå ei stifting til eit aksjeselskap. Dette er konklusjonen etter ei høyring med alle dei impliserte Sunnmørs-kommunane.
Publisert: 16.10.2024 kl 12:45 - Oppdatert: 16.10.2024 kl 14:31
– Tvist om oppgjer for eit større oppdrag, leia til konkurs i Fjell og Graveservice AS i Ørsta, opplyser bustyrar Jørund Knardal til Møre.
Publisert: 16.10.2024 kl 12:39
Ungdomspanelet i Møre og Romsdal kravde at skulane vert freda, då dei stilte opp i Fylkestinget i Geiranger. Dei krev også at takstane for FRAM Ung, ikkje vert endra.
Publisert: 16.10.2024 kl 12:38
Det vart høg temperatur då Fylkestinget i Møre og Romsdal skulle drøfte økonomi og innsparingar. FrP, med Frank Sve i spissen, hadde på førehand varsla at partiet korkje ville vere med på auka ferjeprisar eller kutt i vidaregåande opplæring.
Publisert: 16.10.2024 kl 10:32
Stig Brautaset går av som konserndirektør i Sparebank 1 SMN. Samstundes fjernar banken divisjonen Sunnmøre og Fjordane, og erstattar den med fleire nye finanshus.
Publisert: 16.10.2024 kl 07:30
Fylkestingspolitikar Frank Sve (FrP) vil krevje klare svar frå staten på spørsmålet om kva Møre og Romsdal fylkeskommune får kompensert i kroner og øre, for dei ferjene i fylket som no er gratis.
Publisert: 10.10.2024 kl 14:13
Statsforvaltaren har gjeve Eid sportsfiskarlag dispensasjon til å utføre uttaksfiske av oppdrettsfisk i Eidselva og Storelva (Horndøla), i kommunane Stad og Volda.
Publisert: 10.10.2024 kl 12:55
Grendelaga på vestsida av Voldsfjorden protesterer mot den planlagde takstauken på ferjene. Dei meiner fylkeskommunen må finne andre måtar å spare pengar på.
Den engasjerte pensjonisten Milan Ilic frå Volda, har gjeve ut sine eigne memoarar – på serbisk, men kanskje også snart på norsk.
Publisert: 10.10.2024 kl 12:54
Frivilligheita slit med å få folk til å forplikte seg til å vere nettopp det – frivillige. Tre av fire lag og organisasjonar i Møre og Romsdal opplever at det vanskeleg å rekruttere frivillige til å fylle verv.
Publisert: 10.10.2024 kl 09:40
Buhandsaminga etter konkursen i Ørsta Byggservice AS er innstilt etter avgjerd i Møre og Romsdal tingrett. Det var ikkje midlar i buet til å dekke vidare handsaming.
Striden om dreneringa ved støyskjermen i Engesetvegen i Volda, er ikkje over. Grunneigaren har vendt seg til Statsforvaltaren fordi han meiner Volda kommune er inhabile i saka. Statsforvaltaren har sendt klagen attende til kommunen, med melding om at kommunen først må vurdere sin eigen habilitet.
Styret i Helse Midt-Noreg hadde berre «småpengar» å dele med kollegaene sine i Helse Møre og Romsdal, til å dekke kostnadane med innføring av journalsystemet Helseplattforma.
- Kostnaden ved innføring av Helseplattforma er også eit statleg ansvar. Eg håper at helseministeren lyttar på dei innspela som kjem frå sjukehusa og helsevesenet no, ser fylkestingsrepresentant og kommunepolitikar Per Ivar Lied (Sp).
Publisert: 09.10.2024 kl 09:32
– Dersom Runde Miljøsenter ikkje får årleg løyving, vil det truge arbeidsplassane ved senteret og vere eit alvorleg tilbakeslag for norsk marin forsking og formidling av kunnskap om havet sitt økosystem, seier forskar og gründer av Runde Miljøsenter, Nils-Roar Hareide.
Publisert: 08.10.2024 kl 14:45
Installasjonsverksemda Proton Elektro i Herøy, slår seg saman med Tussa Installasjon.
Publisert: 03.10.2024 kl 17:05
Pasientar som skal til eller frå Volda sjukehus, vil måtte lande på Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, når det nye redningshelikopteret SAR Queen no er teke i bruk. Tysdag vart Ålesund sjukehus, som det einaste sjukehuset i fylket, godkjent for at helikopteret kan lande der.
Publisert: 03.10.2024 kl 17:00 - Oppdatert: 04.10.2024 kl 00:21
I eit internt notat i Helse Møre og Romsdal (HMR) er det skissert ei innsparing ved Volda sjukehus på 13 årsverk. Dette utgjer 6,3 prosent av kutta som leiinga meiner må sparast på årsverk ved sjukehusa i fylket. Leiinga avviser konkrete planar, og Regjeringa har lova meir pengar til...
Publisert: 03.10.2024 kl 12:05 - Oppdatert: 03.10.2024 kl 12:26
Fylkesutvalet i Møre og Romsdal fredar takstane på ferjer og buss – førebels. Politikarane i utvalet meiner at desse spørsmåla må handsamast i samband med budsjettet.
Publisert: 03.10.2024 kl 10:58
Fylkesutvalet i Møre og Romsdal støttar Fylkeskommunedirektøren sitt framlegg om trekkje seg ut av attføringsverksemda Furene Holding AS. Det har også selskapet stilt seg positive til.
Publisert: 03.10.2024 kl 10:57
Volda Jeger- og Sportsfiskarlag har fått løyve frå Statsforvaltaren til overvakingsfiske av laks i Øyraelva i Volda. Men berre ut året i år – og berre fem fisk. Det er berre nokre få i laget som får fiske, og ingen av fiskarane får fisken med seg heim.
Publisert: 02.10.2024 kl 13:00
Lars Oscar Øvstegård er innstilt som kandidat til Næringslivsprisen 2024 i Ørsta kommune. Det er ordførar Ørsta, Per Are Sørheim, og Fylkesordførar Møre og Romsdal, Anders Riise, som har fremja kandidaturet.
Publisert: 02.10.2024 kl 12:59
Det er opna konkurs i FRG Bygg Volda AS, etter krav frå ein tidlegare tilsett i selskapet. Verksemda hadde allereie lagt ned drifta, då det vart opna konkurs 16. september.