Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 22.03.2025 kl 10:00
Søndag 23. mars kjem Teatret Vårt til Ørsta kulturhus med musikalen Eg har ikkje ord – ei gripande framsyning om Ivar Aasen sitt liv og offer.
Publisert: 21.03.2025 kl 17:05
I lengre tid har Mork Grendahus hatt gamle og sviktande komfyrar på kjøkenet og elles manglande utstyr – ei stor ulempe for alle som nyttar huset. No er problemet løyst.
Publisert: 21.03.2025 kl 05:05
Rita Olene Mork står no i spissen for Fredrik & Louisa sitt nye flaggskip på Sundt Magasin. Men trass i ein hektisk kvardag som magasinleiar, bonusbesta og trebarnsmor, har ho ikkje gløymt kvar ho kjem frå. Mork er framleis «heime», og dugnadsånda sit djupt i ho.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 20.03.2025 kl 17:00
På årsmøte i Industri og næringspartiet i Møre og Romsdal vart det valt styre, denne gongen kom Dagfinn Kristiansen frå Volda inn som vara.
Publisert: 20.03.2025 kl 16:19
Stiftinga Viti skal rehabilitere Anders Svor-museet, og entreprenørfirmaet Aambakk vann jobben.
Publisert: 19.03.2025 kl 12:05
Måndag start batterijakta for fjerdeklassingar over heile Noreg. Dei neste tre vekene skal dei konkurrere om oppdraget: Å få nordmenn til å kaste batteri på rett måte.
Publisert: 18.03.2025 kl 05:00
Volda skulekorps fekk nyleg ei pengegåve frå Volda InnerWheel klubb, overrekt under ei av korpset sine øvingar.
Publisert: 17.03.2025 kl 16:20
– Korleis ville eit krigsherja Volda sjå ut? Dalsfjord-bandet Sisken Childs gir eit skremmande svar i den nye AI-genererte musikkvideoen til singelen «Scared». Videoen viser ei mørk og urovekkjande framstilling av Volda i ruinar – eit sterkt visuelt bilete av frykta og uvissa som inspirerte...
Publisert: 17.03.2025 kl 14:22
Sterke resultat for Volda og Ørsta under årets Birken! Ingrid Aarflot Ryste og Cato Ryste tok pallplass i HalvBirken, medan fleire lokale løparar imponerte i både Birkebeinerrennet og SkøyteBirken.
Publisert: 16.03.2025 kl 05:05
Ei nystifta foreldreforiening i Volda, Betre Saman, har lansert ei spørjeundersøking for å kartlegge haldningar til born sin skjermbruk. Målet er å finne ein betre balanse mellom det digitale og analoge livet for borna.
Publisert: 15.03.2025 kl 17:00
Fruenes Kafé og B&B i Volda markerer 140-årsjubileet til Krumsvikhuset med både utvida opningstider, større areal og ein oppdatert meny.
Publisert: 15.03.2025 kl 12:05
10 år gamle Magnus Humberset Myrene frå Volda Ørsta Sjakklag presterte på høgt nivå i helga sine turneringar.
Publisert: 15.03.2025 kl 05:00
X2 Festivalen i Volda, som går av stabelen med foredragsprogram 1. og 2. mai 2025, er klar med foredragsprogrammet for i år med Noreg sine mest bemerkelsesverdige eventyrarar, klatrarar og redningsfolk.
Publisert: 14.03.2025 kl 17:00
Venstre har vedtatt å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital, noko som kan få betydning for næringslivet på Sunnmøre. Partiet har også foreslått fleire tiltak for å styrke både næringsliv og miljø i Møre og Romsdal.
Publisert: 14.03.2025 kl 12:05
Kulturskogen ved Rotevatnet vart planta for fleire generasjonar sidan. No var det på tide for Ragnar Aarflot og sonen Rasmus å hogge han ned.
Publisert: 14.03.2025 kl 05:05
For Erlend Krumsvik handlar jobben om meir enn flammar. – Det beste med å vere brannkonstabel er å hjelpe folk når dei treng det som mest, seier han.
Publisert: 13.03.2025 kl 12:00
Med eit nøye planlagt bilete av ein mår på Litjesetra, gjekk Kjell Ivar Øye til topps i den månadlege fotokonkurransen til BioFoto Sunnmøre og Nordfjord.
Publisert: 13.03.2025 kl 05:05
– Vi må vere førebudde på uføresette hendingar, og eit robust landbruk er avgjerande for både nasjonal og lokal matsikkerheit, sa Olav Håkon Ulfsnes då han vart attvald som leiar i Møre og Romsdal Bondelag under årsmøtet i Molde sist helg.
Publisert: 10.03.2025 kl 14:00
Studenthuset Rokken fyller 20 år, og det skal feirast med ei heil veke fylt med musikk, samhald og gode minner! Frå 22. april blir det jubileumsfestival i Volda, der både studentar og lokalbefolkninga blir inviterte til å delta i festlegheitene.
Publisert: 10.03.2025 kl 12:05
Torsdag var Jørund Fet og Gudrun Kløve Juuhl ein tur til Bohus Furene for å overrekkje ei heilt spesiell gåve til den snart eitt år gamle butikken.
Publisert: 10.03.2025 kl 05:00
Då Volda kommune arrangerte temadagen «Bu trygt heime» på torsdag, vart både kinosalen og foajeen stappfulle av eldre.
Publisert: 09.03.2025 kl 12:05
Denne veka inviterer Aasentunet førskuleborna på besøk. Møre fekk vere med då Dalane skule fekk høyre om Ivar Aasen, og gjere mange kjekke aktivitetar.
Publisert: 09.03.2025 kl 12:00
Vikebygda Sanitetslag har hatt årsmøte, og har fått valt nytt styre samt sett tilbake på fjoråret.
Publisert: 08.03.2025 kl 17:05
Leon Romestrand og kollegaane hans i MOT var med å arrangere «Drømmedagen» for over 10.000 barn og unge på Ski-VM i Trondheim. Eit av høgdepunkta av dagen var å sjå «Team Pølsa» kome i mål.
Publisert: 08.03.2025 kl 05:00
Ein viktig milepåle for berekraft er nådd når studentar og tilsette no kan nytte seg av ei Miljøfyrtårn-sertifisert kantine i Berte Kanutte-huset på campus i Volda.