Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 06.12.2024 kl 17:00
– Hausten har vore prega av mykje vêr. Kraftige vindar, snøfall og underkjølt regn. Flya får juling og vi jobbar på spreng for å minimere belastninga for passasjerane våre, skriv Widerøe i ei pressemelding.
Publisert: 06.12.2024 kl 12:05
I vinter lanserte SpareBank 1 SMN to nye støtteordningar. Ein av søknadane som fekk tilslag i Volda kommune var leikeplassen i Olaskogen, på vegner av Seksjonssameiget Olaskogen 6, 8 og 10, som får utdelt 20.000 kroner og ein flott benk.
Publisert: 05.12.2024 kl 17:00
Årets siste møte i pensjonistlaget vart halde 27. november på Volda Turisthotell. Det har vorte ein tradisjon i pensjonistlaget at årets siste møte har fokus på jula. Då er det julesongar, julemat og god julestemning på møtet.
Publisert: 05.12.2024 kl 12:05
Søndag 1. desember var det på tradisjonelt vis julegrantenning i bygda. Små og store hadde teke turen til Fyrlykta kulturhus for å dele denne ettermiddagen ilag.
Publisert: 04.12.2024 kl 17:00
I ei pressemelding vert det åtvara mot utspekulert svindel. Det vert i desse dagar sendt ut falske e-postar i If sitt namn, som ber om kontoopplysningar.
Publisert: 04.12.2024 kl 05:05
For Einar-Arne Vartdal har kunsten vorte meir enn ein hobby – det har vorte medisin. Gjennom découpage, ei kreativ kunstform han lærte under eit opphald på Muritunet for ti år sidan, har han funne både glede og meining i kvardagen, trass i ei helse som har sett han på store prøver.
Publisert: 04.12.2024 kl 05:00
Advokat Magni Snipsøyr frå Hareid har vorte utnemnt til tingrettsdommar ved Møre og Romsdal tingrett.
Publisert: 03.12.2024 kl 17:05
Via Purehelp.no får Møre vite at det nye styret i Nettstrikk AS ser slik ut: Administrerande direktør og styret sin leiar er per no Geir Idar Knotten, med styremedlem Liv Randi Djupvik Knotten.
Publisert: 03.12.2024 kl 17:00
Den årlege markeringa av fyrste søndag i advent, var at Lauvstad Muskkorps spelte juletonar til tenninga av lys på julegrana, som står ved ferjekaia på Lauvstad. Julegrana kom på plass ved at ein dugnadsgjeng hadde skaffa til vege eit grantre, og montert lys i den på førehand.
Publisert: 03.12.2024 kl 12:05
Fleire av lokala på Snippa 2 har lenge stått ubrukte. No har Yngvil Birkeland flytta hypnoterapi-verksemda si inn i eitt av desse lokala for å gjere tilbodet meir synleg og tilgjengeleg for folk.
Publisert: 01.12.2024 kl 17:00
Ein kald vinterdag tok Møre turen til Øyra skule, der klasse 1B var klare, og godt førebudde på å ta i mot lokalavisa. Her fekk ein kjennskap til kva dei nysgjerrige elevane tenkte om å starte på skule, og samtalen gjekk i alt ifrå piggsvin-kunnskapar til framtidsplanar om å starte...
Publisert: 01.12.2024 kl 12:00
Denne veka legg mange barnehageborn siste hand på kunstverka sine før opninga av årets barnekunstutstilling i Aasentunet. Nokre kunstverk er allereie på plass, og konstituert arenaleiar Ida Karin Aarflot Kornberg er imponert over kreativiteten og symbolbruken.
Publisert: 30.11.2024 kl 17:00
I går kveld fekk vi vite at Husbanken oppdaterer retningslinjene sine for tilskot til studentbustadar. Det opnast opp for å få tilskot der det er eit generelt behov for rehabilitering for å oppgradere eksisterande studentbustadar til dagens standard.
Publisert: 30.11.2024 kl 12:05
Volda Røde Kors Omsorg har fått eit nytt tilskot på laget: Lene og Jesper har meldt seg inn som besøksvenn med hund.
Publisert: 30.11.2024 kl 12:00
Eit framifrå årsskrift som har ei innhaldsliste med 30 artiklar for, om og av hovdebygdingar før og no. Det går inn i ei imponerande skriftrekkje der det no er med 34 viktige og velredigerte bøker. Årsskriftet har mangfald både i innhald og tid, og viser at Hovdebygda er full av historie.
Publisert: 30.11.2024 kl 05:00
Tysdag 26. november var det Internasjonal kafe på Uppheim. Denne kvelden møtte folk for å lage varer til julemessa fyrstkomande laurdag, den 30. november.
Publisert: 29.11.2024 kl 17:05
Sigurd Meek Aaslid lever eit actionfylt liv som sjukepleiar på dagtid og operativ leiar i Røde Kors Hjelpekors på fritida. Han brenn for å få lært vanlege folk livreddande førstehjelpsmetodar.
Publisert: 29.11.2024 kl 05:00
Hjartåbygda skyttarlag har nettopp gjennomført skytekule. Den har gått over fem kveldar med ulike tema.
Publisert: 28.11.2024 kl 17:00
Andre veka i november kvart år vert Nordisk litteraturveke arrangert over heile Norden og Baltikum. I Ørsta og Volda har lokallaget i Foreininga Norden og folkebiblioteka gått saman om ein lesekveld i mange år. Det har blitt ein fin tradisjon og møte mellom ‘ørstingar/voldingar’ frå...
Publisert: 27.11.2024 kl 05:05
Regjeringa har kome med eit dramatisk forslag til neste år – å avvikle kiropraktorordninga. – Eg er redd vi aldri kjem inn att om dette vert vedteke, seier Rune Skår frå Kiropraktorsenteret i Volda.
Publisert: 26.11.2024 kl 17:00
Laurdag og søndag hadde Galleri 2v juleutstilling av diverse måleri. Trass dei snøfulle vegane var det mange som tok turen dit for å sjå.
Publisert: 26.11.2024 kl 12:05
Dordi Boksasp Lerum, norsketarianar, senterpartipolitikar og Volda-student, er ein av 15 semifinalistar i Vixen Awards sin berekraft-kategori.
Publisert: 26.11.2024 kl 12:00
Volda Ørsta Sjakklag arrangerte ikkje mindre enn tre sjakkturneringar i helga.
Publisert: 26.11.2024 kl 05:00
Ørsta IL friidrett stilte med 18 utøvarar i alderen 7-64 år på Sparebanken Møre leikane i Ulsteinhallen i helga. Det vart mange personlege rekordar og stor medaljefangst.
Publisert: 25.11.2024 kl 17:05
I helga arrangerte Volda Hornmusikk musikkafé med Folkestad/Tonika og Hornindal musikkorps som gjestekorps.