Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 28.06.2025 kl 12:00
Sommarhandelen i Møre og Romsdal er i vekst. I fjor auka den med 5,6 prosent, og i år ventar NHO Service og Handel ein nasjonal sommarhandel på 99 milliardar kroner – ein oppgang på 5 prosent frå året før.
Publisert: 27.06.2025 kl 07:25 - Oppdatert: 27.06.2025 kl 09:44
Grunna vêrmeldinga er Ekkodal-konserten flytta inn i Klangfabrikken på Nøre Vartdal.
Publisert: 26.06.2025 kl 15:30 - Oppdatert: 27.06.2025 kl 09:26
- I helga fekk eg heile tre laksar i Ørstaelva, fortel Lyder Øye. Laksane kom ikkje på første forsøk, men den sjette gongen han var på fiske fekk han napp.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 26.06.2025 kl 12:05
Laurdag 21. juni vart Alti Ørsta sin årlege heiderspris delt ut. Prisen går til ein person som utmerker seg og legg ned ein stor innsats for barn og unge i nærområdet.
Publisert: 26.06.2025 kl 12:00 - Oppdatert: 26.06.2025 kl 12:17
Fredag 27. juni er det urpremiere på danseverket «Røyster» ved Folkestadvatnet og på søndag i Anders Svor-museet.
Publisert: 26.06.2025 kl 11:45 - Oppdatert: 26.06.2025 kl 11:45
Når ungdomsklubben i Volda lokkar med Rockeskule, dukkar det opp fleire ungdommar med meir enn talent i rockefoten.
Publisert: 25.06.2025 kl 16:04
Restar etter brenning av søppel ligg i fjøra ved Juliaberget til sjenanse for badegjestar.
Publisert: 25.06.2025 kl 11:00
Ulstein Group hadde eit solid år i 2024 med ei omsetning på 3,1 milliardar kroner og eit driftsresultat på 198,8 millionar kroner. Samanlikna med året før, er dette meir enn ei dobling av inntektene.
Publisert: 24.06.2025 kl 16:00
Både Volda og Ørsta SV var med, då SV sin 1.-kandidat i Møre og Romsdal Line Harsvik kom på besøk frå Kristiansund. Her fekk ho høyre om sakene som er viktig for SV lokalt på Søre Sunnmøre.
Publisert: 23.06.2025 kl 19:45 - Oppdatert: 24.06.2025 kl 09:36
- Der kjem fantetoget, smiler Emilie Andenes Aarseth. Ho har venta ei stund saman med Line Gundersen som deler ut is til fantane.
Publisert: 23.06.2025 kl 16:31
Publisert: 23.06.2025 kl 05:05
Etter å ha sett på flytande saunaer i fleire nabofjordar, med stort besøk, kom det våren 2023 opp ein strålande ide om at det skulle vi i Volda Rotary også ha laga til. Enkelt. Vi kjøper eit understell og byggjer badstove opp på, så kan vi leggje den ut i hamna.
Publisert: 18.06.2025 kl 12:05
Sjølv i den siste veka før sommarferien får elevane lære ein viktig lærdom for livet. Måndag trente 9. trinn på livredning i hamna.
Publisert: 17.06.2025 kl 09:00
– Øvinga til Flytjenesten vart særs vellukka, fortel øvingsleiar Tore Relling om den nasjonale øvinga til Norges Luftsporsforbund si flyteneste i helga.
Publisert: 17.06.2025 kl 05:05
Ingen kom til skade, då det ramla takstein frå taket på Mork skule. No er det sperra av medan dei sjekkar tilstanden på resten av skifertaket.
Publisert: 16.06.2025 kl 14:00
Brør og OBS Bygg er dei to aller første Bygdevenene og mottok prisen frå Bygdepride.
Publisert: 16.06.2025 kl 12:05 - Oppdatert: 16.06.2025 kl 20:35
– Det nye i år er at det er mogleg å kvalifisere seg til VM i fjellmaraton, fortel Arve Haugland. – Det var 157 påmeldt på førehand og det er fleire som møter opp på sjølve dagen. Totalt var det 165 som fullførte og rundt 35 i barneløpet.
Publisert: 16.06.2025 kl 12:00 - Oppdatert: 16.06.2025 kl 13:14
– Kva er det med naturskildringane til Sigrid Undset? spør ørstingen Gunnhild Øyehaug. Ho har vunne pris for dette spørsmålet, eller rettare sagt ho har omsett Sigrid Undset til nynorsk for Det norske teateret, og ho har skrive ei bok der dette spørsmålet dukkar opp i hovudpersonen Helga...
Publisert: 15.06.2025 kl 12:00
– Dette er draumen, smiler Einar Mortveit (27) bak mikrofonen i eit heimelaga podkaststudio i ein kjellar i Volda.
Publisert: 15.06.2025 kl 05:05
– Volda er knutepunktet for Tonehimmelen der vi kan møtast i fellesskap og oppleve kunst og kultur, fortel festivalsjef Kaja Skatvedt Robak. Festivalprogrammet for Tonehimmel 2025 er ute no, og her finn vi noko for ein kvar.
Publisert: 13.06.2025 kl 20:00
– Etter at Tilseth Blomster la ned butikken sin her på Alti har vi sakna ein blomsterbutikk, fortel senterleiar Inger Sandvik Sundnes.
Publisert: 13.06.2025 kl 17:00
– Hittil har vi hatt mykje besøk frå elevar på folkehøgskulen som badar først og et is etterpå, fortel Daniel Myrvåg Sandal. Han fekk ideen til ein Jafs i Ørsta, då det opna ein Jafs i Fosnavåg og ein på Hareid.
Publisert: 13.06.2025 kl 16:10
– Dette er dagar vi må nyte, seier Torill Elise Tafjord. Ho og sonen Arian nyt temperaturen på Årneset saman med andre som trivst i strandsona.
Publisert: 13.06.2025 kl 16:00
Noregs Luftsportsforbund si flyteneste skal gjennomføre ei nasjonal øving frå Ørsta/Volda lufthamn komande helg, varslar øvingsleiar Tore Relling i ei pressemelding.
Publisert: 13.06.2025 kl 12:00
– Festival er eit fint høve til å kome seg ut og oppleve noko saman med andre, kjende eller ukjende, folk du likar eller ikkje likar, og på Festspela kan vi samlast rundt litteratur og musikk. Det er ekstra sterkt med ei felles oppleving side om side på denne måten, seier Beate S. Lech, som...