Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 24.02.2025 kl 13:36
Ørstingen Helge Jarle Krøvel-Velle var ein lovande kunstnar som døydde alt for tidleg. Dei fire søskena hans, onkelborn, slektningar og andre fekk sjå nesten alle bilda hans samla igjen på Ørsta kunsthus fredag. Det vart ei god og rørande oppleving.
Publisert: 22.02.2025 kl 19:16
I den nye foajéen til Volda filmteater vart det fredag arrangert quiz for første gong. Ideen kom frå seksjonsleiar Line Malvik, men det var kulturvert Martin Sørvold som hadde førebudd og gjennomførte opplegget.
Publisert: 12.02.2025 kl 12:05
Det mangla ikkje på ros frå fylkesordførar, ordførarar og rektor då årets musikal «The Ultimate Macical Adventures of Maria Mythica Musique» hadde premiere på Ørsta kulturhus. Dei meinte det osa av speleglede og fargar, og at opplevinga ville gi elevane minne for livet.
Publisert: 10.02.2025 kl 17:05
Elias Hovdenakk Skjerdal tok meisterskapsrekorden i benkpress med 165 kilo. Torgeir Tønnesen og Seline Kvalbein-Tømmerstøl vart Voldameistrar.
Publisert: 10.02.2025 kl 12:05
Årets vekerevy inneheldt både intern studenthumor og innslag med tidsaktuelle karakterar. Mimikken til skodespelarane var svært god, og latteren sat laust.
Publisert: 09.02.2025 kl 21:15 - Oppdatert: 09.02.2025 kl 21:15
Det er ei stor oppleving å vere på konsert med SKRUK. Dei ligg i første divisjon både når det gjeld songarane. musikarane, framføring, dirigentane og dei komponistane og arrangørane dei samarbeider med.
Publisert: 08.02.2025 kl 05:00
Heime hos Anne Berit Aarseth heng det sjølvlaga måleri på dei fleste vegger. Det går mykje i fjell og stemningar med lys som kjem gjennom skylaget.
Publisert: 03.02.2025 kl 17:00
For å markere den auka støtta frå regjeringa vart det torsdag 30. januar arrangert ein konsert på Anders Svor-museet i Hornindal. Det var gruppa Særsvip og Kvedarane som deltok.
Publisert: 29.01.2025 kl 05:05
Huset til Randi og Terje Hamre vert ein gong i månaden fylt opp av born frå 1.–4. klasse. Dei hentar borna på skulen og køyrer dei heim til seg. Borna får mat, syng i mikrofonar og driv med forming. Kvar gong har Randi andakt. Tilbodet heiter Mork Yngstes.
Publisert: 28.01.2025 kl 05:00
Liv Åm er utdanna biolog med plantefysiologi som spesialfelt. Ho arbeidde tidlegare ved Volda vidaregåande skule i 38 år. For fem år sidan vart ho pensjonist. For fire år sidan starta ho med å samle og registrere planter, lav, algar, mosar, sopp og insekt i Artsdatabanken. Koronatida var...
Publisert: 27.01.2025 kl 17:05
Egil Olsen er klar med ein ny singel med tittelen «Reset». Denne songen har også fått ein musikkvideo. Tidlegare har Egil laga musikkvideoar sjølv, men denne gongen er det nevøen, Tor Eivind Follestad, som har gjort dette. «Reset» er ein av fleire songar på plata «Direct sunlight and...
Publisert: 27.01.2025 kl 17:00
Jesus våga å seie styresmaktene midt i mot. Kjetil Lillesæter har sans for Jesus. Under Livspust-gudstenesta fortalde han om skjelsetjande opplevingar.
Publisert: 27.01.2025 kl 12:05
20 menn i alderen 40-70 år står på og riggar og ryddar når det er handballkamp i 1. divisjon i Volda. Dei har det også veldig sosialt.
Publisert: 15.01.2025 kl 05:00
Stjernesolist Louise Engeseth og eit dyktig lokalt symfoniorkester med gjestar leverte varene under årets nyttårskonsert.
Publisert: 14.01.2025 kl 17:05
I helga var det aktivitet på dei to skøytebanene ved Botnasanden på Rotevatnet i Volda.
Publisert: 12.01.2025 kl 16:40
Stemninga var høg då Voldabadet vart offisielt opna fredag 10. januar. Ordførar Sølvi Dimmen er spesielt glad for at borna no får skikkeleg symjeundervisning.
Publisert: 11.01.2025 kl 17:35 - Oppdatert: 12.01.2025 kl 20:22
På første ordinære opningsdag av Voldabadet var det berre blide fjes å sjå. Dette er noko folk har venta på og gledd seg til.
Publisert: 10.01.2025 kl 20:25 - Oppdatert: 10.01.2025 kl 20:27
Med trekkspel, talar, kaker og symjeoppvisning vart Voldabadet offisielt opna fredag 10. januar.
Publisert: 06.01.2025 kl 12:05
Første opningsdag på skitrekket var laurdag. Søndag vart også storetrekket sett i drift. Folk strøymde til.
Publisert: 05.01.2025 kl 21:14
Kvar laurdag og annankvar onsdag i vinterhalvåret er det gratis Skileik for born på Reset. Laurdag hadde dei si første laurdagssamling på snø.
Publisert: 30.12.2024 kl 17:00
Det var trongt om plassen då Bokke Reidars Bluesband heldt konsert på Tredet i Volda laurdag. Nesten 200 personar var samla for å høyre på det legendariske bandet.
Publisert: 30.12.2024 kl 12:00
På 3. juledag inntok Volda og Ørsta-bandet Faulty of Funk studenthuset Rokken. Her begeistra dei sitt trufaste og gode publikum.
Publisert: 30.12.2024 kl 08:33
Med ei hitparade frå 1980-talet baud Broad Line til dans og konsert i flatsalen på Ørsta Kulturhus i romjula.
Publisert: 29.12.2024 kl 15:00
For å få eit avbrekk i stillesitjing og eting arrangerte Thomas Trogstad ein innebandycup 27. desember.
Publisert: 19.12.2024 kl 12:00
Når Bach sitt Juleoratorium har vorte framført i Volda kyrkje, kan jula berre kome. Ein slik flott konsert gir energi og glede.