Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 18.09.2018 kl 07:00
Ørsta kommune har løyvd 5,5 millionar kroner til brannsikring av kjellaren på ungdomsskulen. Men tilstanden er verre enn fyrst anteke og kommunen har to val: Stengje skulen eller brannsikre for 9,1 millionar kroner.
Publisert: 17.09.2018 kl 16:16
Sørheim fryktar Ørsta kommune vil gå på ein gjeldsmell dersom ein held fram å investere med eit driftsbudsjett som stadig vert strammare. Ordføraren er ikkje bekymra for utviklinga.
Publisert: 16.09.2018 kl 07:00
Ørsta reiselivslag miste si kommunale løyving på 260.000 kroner frå budsjettet 2018. Det er kome sterke signal frå næringslivet og hotell Ivar Aasen om å drifte turistinformasjonen, noko politikarane no vil vurdere.
Publisert: 15.09.2018 kl 13:00
1. oktober dukkar ein ny butikk opp på Spinneriet, Outlet Shop Volda. Allereie måndag kan ein få ein smakebit på butikken i Propellhallen.
Publisert: 14.09.2018 kl 07:00
Sunnmøre kammermusikkfestival jublar etter ei veke med sterke konsertar og masse publikum. No tek dei sats mot 10-årsjublieet neste år.
Publisert: 12.09.2018 kl 15:59 - Oppdatert: 12.09.2018 kl 16:04
I snart 50 år har medieutdanninga ved Høgskulen i Volda vore leiande i Noreg. No har Statsbygg fått inn fire forslag til korleis det etterlengta nye Mediebygget kan sjå ut.
Publisert: 12.09.2018 kl 07:00
Ørsta kommune kjempar for gang- og sykkelveg i Åmdalen, for å skape ein tryggare skuleveg for borna, men fylket har ingen midlar til tiltaket per i dag.
Publisert: 11.09.2018 kl 07:00
EMA i Volda er det einaste mottaket for einslege mindreårige asylsøkjarar i Møre og Romsdal, og eitt av tre på landsbasis. Framtida ser førebels lys ut, og personalet ser fram til å ta i mot jenter att i løpet av oktober.
Publisert: 10.09.2018 kl 07:00
Volda er heldig som har så mange kjekke festivalar. Snart er det «Animation Volda festivalen», og her er noko for alle.
Publisert: 09.09.2018 kl 07:00
Studentane i Volda er meir nøgde med studiestaden sin enn landsgjennomsnittet. Samanlikna med andre studiestadar i fylket og i Trøndelag, er det berre Trondheim som slår Volda.
Publisert: 08.09.2018 kl 07:00
Premieren vart utseld for skifilmen «Millom Bakkar og Berg». Filmskaparane er tidlegare Volda-studentar og i filmen vert ein mellom anna kjend med den spreke voldingen Leif Hoggen (90), som framleis er ein aktiv skigåar.
Publisert: 07.09.2018 kl 18:00 - Oppdatert: 11.09.2018 kl 10:42
Gjennom enkeltmannsføretaket «Kulturbygda» vil Silje Elise Grevsnes tilby konsulenthjelp. Ho har også eigne prosjekt på gang. No laurdag arrangerer ho oppsetjinga «Lilly Valentin» på Samfunnshuset i Volda.
Publisert: 06.09.2018 kl 09:22
– For at landbruket skal halde fram å utvikle seg er det naudsynt med ein felles innsats for at gode jordleigeavtalar skal kome på plass.
Publisert: 05.09.2018 kl 07:00
Fylkesmannen varslar fråsegn til planane om kraftverk i Nøvedalselva. Dei meiner kraftverket vil ha for store konsekvensar på landskap, biologisk mangfald og friluftsliv.
Publisert: 04.09.2018 kl 09:22 - Oppdatert: 04.09.2018 kl 09:26
- Furene er eit spennande handelsområde og eit knytepunkt med mykje trafikk. Vi er innstilt på at Furene kan ha stor vekst i framtida, seier Noregssjef i Rusta, Erlend Kramer.
Publisert: 03.09.2018 kl 07:00
Samfunnsutvalet fekk refs av administrasjonen i førre møte for å ha gitt for mange dispensasjonar. No vil utvalsleiar, Inge Kolås ha eit temamøte om kvifor det er naudsynt å gje dispensasjonar i Ørsta-samfunnet.
Publisert: 02.09.2018 kl 07:00
40 år ventetid er omme, no står kunstgrasbana på Vartdal klar til bruk. Vartdal Turn og Idrettslag vonar den vil skape meir aktivitet og gjere bygda meir attraktiv for tilflyttarar.
Publisert: 01.09.2018 kl 07:00
AquaGen i Barstadvika har fleire investeringsplanar som kan skape mange nye arbeidsplassar. – Når vi har fått på plass alt, så vil dette vere noko av det mest interessante vi har her i kommunen.
Publisert: 31.08.2018 kl 18:00
Reidun Aambø har undervist ved Høgskulen i Volda i 37 år. Dei siste 25 åra har ho undervist internasjonale studentar frå alle kontinent, frå til saman 116 land.
Publisert: 31.08.2018 kl 07:00
Ørsta kommune har vedteke å etablere ein tosidig og samanhengande gang- og sykkelveg langs E39 frå Hovden til Ose. I planane ligg utviding av E39, utbetring av busslommer og undergangar, støyskjerm og mogleg ein fartsreduksjon frå 70 til 60 km/t.
Publisert: 30.08.2018 kl 07:00
Ørsta Formannskap gjekk i mot tilrådinga frå rådmannen. Dei meiner fordelane er langt større enn ulempene, og gav eit samrøystes ja til kraftverksplanane i Nøvedalselva.
Publisert: 29.08.2018 kl 07:00
Ei vellukka fadderveke er over for denne gong. Volda lev opp til ryktet sitt for å vere studiebygda med stor A, skal ein tru studentane Julie og Simen.
Publisert: 27.08.2018 kl 07:00
– Det er bra å ha bedrift her. Det er her vi skal vere. Men sjølv om vi har hovudkontor i Volda og mykje å gjere, har vi ikkje så mange Volda- Ørsta kundar eigentleg. Eg føler at dei utanfor Volda veit meir om kva vi driv med enn dei i Volda.
Publisert: 26.08.2018 kl 07:00
Over 100 samla seg på samfunnshuset i Volda for å feire Eid, slutten på fastemånaden ramadan.
Publisert: 25.08.2018 kl 07:00
Svaret på det kan kome i oktober. Statens Vegvesen er i gong med ei kartlegging av alle trafikkstasjonane i landet. Det vert effektiviseringar og kutt, men førebels er det uvisst om stasjonar vert nedlagde.