Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 23.09.2022 kl 20:00
Når det skal byggjast bustadar på Heltnemarka vil politikarane at størsteparten skal vere einebustadar. No vert ein detaljreguleringsplan med tolv einebustadar og sju tomannsbustadar lagt ut til offentleg ettersyn.
Publisert: 23.09.2022 kl 13:00
Volda kommune søker status som statleg sikra friluftsområde for Berkneset. Statusen vil ein nytte til å søke om tilskot for å utbetre området og gjere det meir tilgjengeleg.
Publisert: 23.09.2022 kl 07:00
Mork rehabiliteringssenter er i full drift, og behandlinga av pasientar går som vanleg. Flyttinga er utsett på ubestemt tid.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 22.09.2022 kl 16:00
Ekornes varslar kutt av 80 årsverk ved fabrikkane i Sykkylven og på Grodås.
Publisert: 22.09.2022 kl 13:00
Når elevtalet ved ungdomsstega på Folkestad og Dalsfjord kjem under 18 elevar pliktar kommuneadministrasjonen å leggje fram sak om skulekrinsgrenser og endring i skuledrifta. No nærmar det talet seg, og oppvekstsjefen ønskjer klar tale frå politikarane.
Publisert: 21.09.2022 kl 13:00
Etter at Fritidskortet vart avvikla har Volda kommune jobba med å finne ei lokal ordning som kan erstatte det. No har Bufdir innvilga midlar og kommunen arbeider med fleire satsingsområde.
Publisert: 20.09.2022 kl 11:00
Volda har så langt teke imot 88 ukrainske flyktningar. Dei aller fleste er i gang med språkopplæring og har fått bustad gjennom den private utleigemarknaden. – Det har vore ein enorm velvilje i Voldafolket for å leige ut, seier fagleiar vaksenopplæring og integrering, Marianne Solheim.
Publisert: 20.09.2022 kl 08:45
Ørsta brann og redning har rykt ut til brannalarm på Melsgjerdet industriområde. Det er varmgang i avfall som er årsak til alarmen.
Publisert: 19.09.2022 kl 14:35
Tre bilførarar fekk forenkla førelegg for å bruke mobilen bak rattet og to bilførarar mangla bilbelte då politiet hadde åtferdskontroll i Kyrkjegata i Ørsta.
Publisert: 19.09.2022 kl 13:28
15 bilførarar fekk fartsbøter under ein kontroll i Kyrkjegata i Ørsta.
Publisert: 19.09.2022 kl 13:07
Fylkestinget vedtok måndag å tilsette Toril Hovdenak frå Molde som fylkeskommunedirektør i Møre og Romsdal.
Publisert: 14.09.2022 kl 10:49
Møre og Romsdal politidistrikt opplyser at ein ung person busett på Sunnmøre er sikta for å ha fabrikkert og distribuert falske nyheiter i kjølvatnet av trusselsaka i Ålesund.
Publisert: 13.09.2022 kl 14:20 - Oppdatert: 13.09.2022 kl 14:24
Ørsta brannvern har rykt ut til ein automatisk brannalarm i Dalevegen i Ørsta.
Publisert: 13.09.2022 kl 10:18
Denne veka vert det gjennomført vegarbeid i Eiksundtunnelen.
Publisert: 13.09.2022 kl 10:13
Etter eit knipe bortetap mot Fana, ventar ein ny tøff kamp for Volda når dei tek imot Vipers på heimebane onsdag.
Publisert: 12.09.2022 kl 15:43
Landslagssjef Ståle Solbakken har teke ut Ørjan Nyland Håskjold i landslagstroppen til dei komande Nations League kampane mot Slovenia og Serbia.
Publisert: 12.09.2022 kl 09:33
Seks sjåførar fekk førarkorta sine kverrsett under ein trafikkontroll på E39 i Austefjorden søndag kveld. Fem fekk førarkortet kverrsett pga høg fart og ein for prikkbelastning.
Publisert: 05.09.2022 kl 11:48
Aurstad Tunnel har landa den første kontrakten knytt til utbygginga ved Ålesund sjukehus. Selskapet har inngått ei samspelskontrakt til forprosjektet for ny hovudtilkomst.
Publisert: 31.08.2022 kl 18:15 - Oppdatert: 01.09.2022 kl 12:04
For første gong er Hans Majestet Kong Harald og Dronning Sonja på vitjing i Sande kommune på ytre Søre Sunnmøre.
Publisert: 29.08.2022 kl 10:10
Ein bilførar miste førarkortet og 31 fekk bøter då Utrykkingspolitiet hadde fartskontroll i Åmdalen måndag morgon.
Publisert: 25.08.2022 kl 13:00
Domstoladministrasjonen avslår klagen frå Sisa Invest AS på tildelinga av leigekontrakt for nye domstolslokale i Volda.
Publisert: 24.08.2022 kl 13:00
Ørsta IL tok heile fire av 11 KM-gull under Nordvest Maraton på Hareid. Dei tok også fem andre medaljar og dermed nesten halvparten av alle medaljar totalt.
Publisert: 23.08.2022 kl 13:00
Mange bilar stod feilparkert ved vegen ned til Øyra skule/HVO måndag formiddag.
Publisert: 23.08.2022 kl 11:25 - Oppdatert: 23.08.2022 kl 11:32
Ein mann vart frakta til St. Olavs hospital etter ei fallulukke i Ørsta måndag ettermiddag.
Publisert: 23.08.2022 kl 10:17
Tysdag formiddag har Volda brann og redning rykt ut til automatisk brannalarm.