Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 28.02.2022 kl 12:36
Volda kommune fekk melding om 750 smittetilfelle med Covid-19 i løpet av førre veke.
Publisert: 28.02.2022 kl 10:47
Ørsta kommune fekk melding om 975 smittetilfelle med Covid-19 i løpet av førre veke.
Publisert: 27.02.2022 kl 13:00
Advokat og partnar i Øverbø Gjørtz, voldingen Erik Staurset Andresen, er av Finansavisen JUS kåra til eit av landet sine mest lovande advokattalent innan fiskeri og havbruk.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 26.02.2022 kl 13:00
Volda Bilmesse er tilbake, og blir arrangert første helga etter påske. Heile SpareBank1-hallen er allereie fulltinga, og det blir utstilt om lag 100 køyretøy – dei fleste av dei elektriske modellar.
Publisert: 25.02.2022 kl 14:00
Etter to veker med mykje sjukdom og utsett kamp, er Volda klare for ny heimekamp mot Nordstrand i Volda campus Sparebank 1 arena laurdag.
Publisert: 25.02.2022 kl 12:00
KFUM Volda er i helga klar for to heimekampar i eliteserien i volleyball. Volda-damene bør ta poeng om dei skal vere med å sikre sluttspelplass, det vil seie vere mellom dei seks beste laga.
Publisert: 24.02.2022 kl 18:00
– Ny Strynefjellstunnel er utruleg viktig for innbyggjarane og næringslivet på Søre Sunnmøre, seier Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp), og kjem med ei sterk oppmoding til Møre og Romsdal fylkeskommune om å bli med på spleiselaget saman med Stryn, Stranda og Sjåk for å forsere...
Publisert: 24.02.2022 kl 14:16
Ottar Brage Guttelvik kunngjer at han gir seg som fylkeskommunedirektør i Møre og Romsdal .
Publisert: 24.02.2022 kl 08:44
Onsdag kveld stoppa politiet ein bilførar etter å ha målt farta til 147 km/t i Kvivstunnelen.
Publisert: 24.02.2022 kl 08:40
Fylkesveg 5891 rundt Austefjorden er stengt ved Hesteneset etter at det har gått snøskred over vegen.
Publisert: 23.02.2022 kl 14:41
Domstolen i Volda er på utkikk etter nye lokale. – Det er litt vemodig, for vi er glade i Sorenskrivargarden. Men den er ikkje lengre funksjonell for ein moderne domstol, seier sorenskrivar i Møre og Romsdal tingrett, Kirsti Høegh Bjørneset.
Publisert: 23.02.2022 kl 08:45 - Oppdatert: 23.02.2022 kl 09:21
Onsdag morgon var Eiksundtunnelen stengt på grunn av bilberging.
Publisert: 23.02.2022 kl 08:30
Ein bil har køyrt av vegen og inn i ein lyktestolpe ved krysset mellom E39 og Melsvegen i Ørsta.
Publisert: 22.02.2022 kl 12:20 - Oppdatert: 22.02.2022 kl 15:55
Det har vore stor interesse for drop-in bryllaup ved Volda rådhus på den spesielle datoen 22.2.22. Gro-Anita Giskemo og Johnny Magnussen er eit 10 brudepar skal giftar seg i løpet av dagen.
Publisert: 21.02.2022 kl 19:00
Måndag kveld har Volda brann og redning rykt ut til ein automatisk brannalarm i Rotsetgeila. Brannmannskapa har ikkje funne eld eller røyk, men går gjennom bygget for kontroll.
Publisert: 21.02.2022 kl 14:50 - Oppdatert: 21.02.2022 kl 15:29
Volda kommune har registrert til saman 448 nye smittetilfelle med Covid-19 i løpet av førre veke (veke7).
Publisert: 21.02.2022 kl 13:00
Familiekontoret i Ålesund opnar avdelingskontor i Furene. Familievernet tilbyr behandling og rådgjeving til alle som opplever vanskar, konflikt eller kriser i familien.
Publisert: 21.02.2022 kl 10:31
Ørsta kommune fekk melding om til saman 474 nye smittetilfelle med Covid-19 i løpet av førre veke.
Publisert: 20.02.2022 kl 12:00
- Vi reagerer kraftig på at ein no vel å avvikle eit velfungerande institusjonskjøkken, slik som Volda kommune har gjort i denne saka, og med det øydelegg moglegheita for våre eldre å få laga mat i same bygg som er deira heim, seier Hornindal grendeutval.
Publisert: 20.02.2022 kl 06:45
I natt skal ein person ha krasja inne på parkeringsplassen ved Kiwi Volda. Politiet mistenker promillekøyring.
Publisert: 18.02.2022 kl 13:45 - Oppdatert: 18.02.2022 kl 14:29
Skjønsnemnda som har vurdert Ørsta sitt erstatningskrav etter grensejusteringa av Bjørke og Viddal, har avgjort at Volda kommune skal betale Ørsta kr. 5,5 mill. i året for perioden 2020-2027 - til saman kr. 44 mill. Kravet frå Ørsta var på kr. 180 mill.
Publisert: 18.02.2022 kl 13:00
Endeleg er det klart for ny fotballsesong etter mange utfordringar knytt til pandemien dei siste to åra. VTI Fotball er i full gang med sesongførebuingane, og fredag er det heimekamp mot AaFK 2. – Eg trur publikum vil sjå eit tydeleg skifte i spelestil, og eg håpar vi kan gi dei sjåverdig og...
Publisert: 18.02.2022 kl 11:40
Volda-ordførar Sølvi Dimmen stadfestar at Volda kommune har fått melding om 74 nye koronasmitta i løpet av siste døgnet (torsdag 17. februar).
Publisert: 18.02.2022 kl 08:30
Torsdag kveld melde Volda kommune om 70 nye smittetilfelle med Covid-19 det siste døgnet.
Publisert: 17.02.2022 kl 12:00
Therese Eriksen Håhjemsvik er utnemnt til embetsdommar i Møre og Romsdal tingrett, med kontorstad i Volda. Ho kjem frå stilling som konstituert embetsdommar ved rettsstaden Ålesund, og før det var ho hjå kommuneadvokaten i Ålesund sitt kontor.