Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen held fram etter annonsen.
Publisert: 22.07.2021 kl 17:45 - Oppdatert: 22.07.2021 kl 22:00
Politiet melder at personell frå Røde Kors er på veg til Rametinden i Ørsta for å hjelpe ein turgåar som har problem grunna tett tåke.
Publisert: 22.07.2021 kl 13:20 - Oppdatert: 22.07.2021 kl 15:18
– På ein dag som dette vil eg rette ein ekstra tanke til alle råka og etterlatne, sa hovudtalar Fredric Holen Bjørdal då Ørsta var samla for å markere at det er ti år sidan 77 menneske miste livet i terroråtaka på Utøya og regjeringskvartalet.
Publisert: 22.07.2021 kl 10:00
Volda kommune har fått melding om eit nytt tilfelle av Covid-19, og ber alle som var på Family Sports Club treningssenter måndag ettermiddag og kveld om å teste seg.
Publisert: 21.07.2021 kl 14:00
Volda-ordførar Sølvi Dimmen (Sp) meiner ferjetilbodet på Voldsfjorden vart eit offer for det grøne skiftet når rutefrekvensen Volda-Folkestad gjekk frå 30 til 40 minutt i anbodet for elektrifisering av sambandet.
Publisert: 21.07.2021 kl 11:00
Torsdag er det ti år sidan terrorangrepet mot regjeringskvartalet og AUF sin sommarleir på Utøya. Espen Moe Breivik miste vener den dagen, og var med på å arrangere rosetoget for Guro Vartdal Håvoll. – Å oppleve korleis Noreg og lokalsamfunna stod saman etter terrorangrepet var sterkt å vere vitne...
Publisert: 20.07.2021 kl 13:00 - Oppdatert: 20.07.2021 kl 18:44
Då overlege ved Volda sjukehus, Jobe Smith, fekk spørsmål om å jobbe eit år ved eit sjukehus i Kambodsja, bestemte heile familien seg for å reise. – Vi har hatt eit veldig innhaldsrikt år, seier Marianne Solheim, som saman med borna Noah og Luna Maria fortel om tempel i jungelen, bading i...
Publisert: 19.07.2021 kl 14:59
Volda kommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er usamde om bygging av eit naust i nærleiken av eit brakkvassdelta ved Fyrde i Austefjorden. Saka er sendt til settestatsforvaltar, som no har gjort endeleg vedtak.
Publisert: 19.07.2021 kl 09:16
Grunna pandemien har den offisielle opninga av Volda campus SpareBank1 arena vore utsett, men no er datoen klar.
Publisert: 17.07.2021 kl 13:00
Det er snart klart for fotballkampar på Volda stadion etter mange månadar utan aktivitet, og VTI Fotball er i full gang med førebuingane til å ta imot publikum.
Publisert: 17.07.2021 kl 11:20
Natt til laurdag vart ein ung mann politimeld for urinering op offentleg stad i Ørsta.
Publisert: 16.07.2021 kl 15:50 - Oppdatert: 16.07.2021 kl 16:20
Volda kommune melder at den positive koronaprøva torsdag ettermiddag truleg er Delta-varianten.
Publisert: 16.07.2021 kl 13:00
Publikum og yrkessjåførar er uroa over plasseringa av lysstolpane langs Kårstadvegen mellom krysset til sjukehuset og Kaarstad-huset. Stolpane står heilt inn til vegbanen og kan bli treft av spegelhus på større køyretøy. Kommunalsjef for utvikling i Volda kommune, Jarl Martin Møller, seier kommunen...
Publisert: 15.07.2021 kl 15:55 - Oppdatert: 15.07.2021 kl 16:08
Torsdag ettermiddag har Volda kommune fått melding om ei ny positiv koronaprøve. - Vedkomande var fullvaksinert og testa seg pga. milde symptom, seier kommunen.
Publisert: 15.07.2021 kl 13:07
Statsbygg og Volda kommune har funne ei løysing der det både kan byggjast universelt utforma gangveg og behalde den populære akebakken bak Øyra skule. – Dette er eit godt kompromiss, seier barnerepresentant i Volda kommune, Steinar Ose Velle.
Publisert: 15.07.2021 kl 06:45 - Oppdatert: 15.07.2021 kl 11:21
Like over midnatt onsdag fekk Ørsta brann og redning melding om brann i ein container ved Hagevegen.