Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 23.06.2019 kl 13:00
Fylkesordførarkandidat Tove Lise Torve (Ap) er ikkje nøgd med svaret ho har fått frå statsråd Iselin Nybø (V) om Høgskulen i Volda vil få klarsignal for mediebygget før sommaren. - Vi får håpe spørsmålet har gjort statsråd Nybø merksam på situasjonen i Volda, og at ho vil engasjere...
Publisert: 22.06.2019 kl 14:00
- Vedtaket var nok ei markering av frustrasjon, seier ordførar Jørgen Amdam etter kritikken frå Odd A. Folkestad.
Publisert: 22.06.2019 kl 13:00
Arild Iversen (KrF) svarar på kritikken frå Odd A. Folkestad og seier Folkestad burde nytta sin posisjon i formannskapet til å fremje sitt syn i staden for å klage over utviklinga i ettertid.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 22.06.2019 kl 12:00
Ordførarkandidat Odd A. Folkestad (Volda-lista) går til angrep på næringspolitikken som har vore ført i Volda dei siste åtte åra. - Det er resultata som tel, og vi har fått til nær sagt ingenting.
Publisert: 21.06.2019 kl 16:00 - Oppdatert: 21.06.2019 kl 16:26
Statens vegvesen melder at utbetringsarbeidet i Rotsethorntunnelen kjem til å ta ei pause i sommar, men vil fortsette etter ferien fram til slutten av august.
Publisert: 21.06.2019 kl 15:05 - Oppdatert: 21.06.2019 kl 15:08
Lokale løparar imponerte under Birkebeinerløpet førre helg. Voldingen Bjørn Ole Vassbotn vann si klasse og Kristine Eikrem Engeset frå Ørsta kom på 2.-plass i klassa Kvinner 30.
Publisert: 21.06.2019 kl 09:45 - Oppdatert: 21.06.2019 kl 11:49
Politiet melder at ein lastebil har mist last i det den har køyrt i land frå ferja på Festøy.
Publisert: 20.06.2019 kl 15:18
Volda kommune er i ferd med å utbetre ein lekkasje i vassleidninga mellom Dinglavatnet og reinseanlegget som forsyner Volda sentrum.
Publisert: 20.06.2019 kl 10:45 - Oppdatert: 20.06.2019 kl 13:09
Dei tilsette ved Volda sjukehus støttar «ring i bjella»-aksjonen ved å ete lunsjen sin i korridoren utanfor der direktøren i Helse Møre og Romsdal skal møte dei tillitsvalde ved sjukehuset i dag.
Publisert: 19.06.2019 kl 14:57
Styret i TINE Meieriet har avgjort at produksjonen av ostane Kvitlin og Edamer skal halde fram i Ørsta. Meieriet i Elnesvågen skal byggast om, men elles vert det ikkje store endringar for dei øvrige ysteria.
Publisert: 19.06.2019 kl 13:00
Leiar i fellesnemnda for Nye Volda, Stig Olav Lødemel, meiner helseføretaket bør starte opp att med akuttkirurgi i Volda i helgane.
Publisert: 17.06.2019 kl 15:44
Måndag ettermiddag sende ein seglbåt ut "mayday"-signal i Hjørundfjorden.
Publisert: 17.06.2019 kl 14:50 - Oppdatert: 17.06.2019 kl 15:06
Politiet har avskilta tre bilar etter ein trafikkontroll i Voldavegen i Ørsta.
Publisert: 17.06.2019 kl 13:00
Avgangselevane som gjekk ut frå Voldens offentlege landsgymnas i 1959 har vore samla til «Russetreff» i Volda denne veka. 13 av 51 avgangselevar vitja Gamlegymnaset, og praten gjekk like lett som for 60 år sidan.
Publisert: 13.06.2019 kl 13:45 - Oppdatert: 13.06.2019 kl 14:19
Volda Campus Arena AS og Betonmast Røsand AS har signert kontrakten for bygging av ny idrettshall i Volda. Arbeidet byrjar i august, og hallen skal stå klar i november 2020.
Publisert: 13.06.2019 kl 13:00
Fylkesordførarkandidat for Arbeidarpartiet, Tove Lise Torve, har sendt skriftleg spørsmål til utdanningsminister Iselin Nybø (V) om kvifor Høgskulen i Volda framleis ventar på klarsignal for det nye Mediebygget.
Publisert: 13.06.2019 kl 11:00
Det er kort tid igjen til Dei nynorske festspela opnar, og programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik gler seg over godt billettsal.
Publisert: 12.06.2019 kl 13:00
Lene Nupen vert avdelingsleiar for skule, og Bodil Brautaset vert avdelingsleiar for barnehage i Nye Volda kommune.
Publisert: 10.06.2019 kl 13:00
Hornindal IL søkjer kommunen om støtte til eit forprosjekt som skal utvikle merkevara «Hornindal 514». Ein av ideane som skal jobbast med er eit eige «selfie-punkt» ved Honndalsvatnet.
Publisert: 08.06.2019 kl 13:00
Kommunestyret i Hornindal har vedteke å betale for prosjektering av kommunal infrastruktur for vidare utbygging i Grodåsbakkane. Saka har fått ekstra merksemd fordi ordføraren er medeigar i utbyggarselskapet Hornindal Eigedomsutvikling AS.
I eit lesarinnlegg vert det gått hardt ut mot Hornindal kommune si handsaming av prosjekteringskostnadane til infrastruktur i Grodåsbakkane. - Kommunen hoppar bukk over alt av lover og forskrifter, skriv Sigurd Muldsvor.
Medeigar i Hornindal Eigedomsutvikling AS, Stig Olav Lødemel, seier han ikkje har nokon kommentar til det som vart sagt i kommunestyremøtet anna enn at han er openbert ugild i saka. – Vi har kontakta kommunen som utbyggjarar, og ut over det har eg ikkje hatt med saka å gjere.
Publisert: 07.06.2019 kl 15:00 - Oppdatert: 07.06.2019 kl 15:02
Utrykkingspolitiet har skrive ut 20 fartsbøter og inndrege to førarkort under ein fartskontroll på E39 Kvivsvegen.
Publisert: 06.06.2019 kl 12:36 - Oppdatert: 06.06.2019 kl 13:38
Ansvarleg for symjeskulen til VTI Symjegruppa, Anne-Britt Hallaråker, seier dei har hamna i ein skikkeleg skvis etter at bassenget i Idrettsbygget stengde. – Vi er heilt avhengige velvilje frå politikarane, og finn vi ikkje alternativ så må vi byrje å seie opp instruktørar i slutten av...
Publisert: 06.06.2019 kl 08:35 - Oppdatert: 06.06.2019 kl 13:38
Torsdag morgon: Eit steinras stenger eit felt på fylkesveg 40 mellom Lauvstad og Folkestad.