Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen held fram etter annonsen.
Publisert: 11.08.2020 kl 10:55 - Oppdatert: 11.08.2020 kl 10:55
Tysdag formiddag rykte Ørsta brannvern ut til ein brannalarm i Ivar Aasen-gata i Ørsta sentrum.
Publisert: 10.08.2020 kl 10:00 - Oppdatert: 10.08.2020 kl 10:55
Vegtrafikksentralen melder at Eiksundtunnelen er opna etter bilberging.
Publisert: 20.07.2020 kl 07:00
Volda kommune sin leigeavtale for Dagsenteret i Hamna 20 går ut neste haust, og kommunen ser no på andre aktuelle lokale. Både Austefjord skule og gamle Handelsskulen er vurdert.
Publisert: 18.07.2020 kl 13:00
Ein innbyggjar på Grodås har fått store inngrep i hagen sin pga. flaumsikringsarbeidet i Vikaelva og ber no Volda kommune om erstatning. – Tomta er blitt totalt øydelagt som følgje av elveførebygginga.
Publisert: 17.07.2020 kl 16:16
Høgre-leiar og kommunestyremedlem i Volda, Ivar Otto Kristiansen, har lagt ut oppmoding om å boikotte Tussa som straumleverandør på si eiga private facebook-side. Han meiner Tussa er kopla til vindkraft gjennom KLP sin eigarpost i selskapet. Det tek no ordførarane i Volda og Ørsta sterk avstand frå.
Publisert: 17.07.2020 kl 13:00
Kroppsnære scener og klemming på scenen blir fråverande når teater og drama-studentane startar opp til hausten. Men elles får dei utfalde seg som før og undervisninga vil gå nesten som normalt.
Publisert: 17.07.2020 kl 07:00
Sauebonde i Ørsta, Kjell-Martin Standal, kjem med ei innstendig bøn til folk som no ferdast i utmark og fjell med hundar. – Dei må seie frå dersom dei er så uheldige at hunden gjer skade på beitedyr, seier Standal, som sjølv har måtte avlive lam på grunn av bittskadar. – Vi fekk ingen beskjed om at...
Publisert: 16.07.2020 kl 21:00
Det var både smil og nokre gledestårer i morgonsola på Rotevatn når Volda Rideklubb kunne ta første spadetak for den nye ridehallen.
Publisert: 16.07.2020 kl 13:58 - Oppdatert: 16.07.2020 kl 14:29
Sidan det vart påvist ny koronasmitte i Ørsta og Stryn i månadsskiftet juni/juli, har det vore stor pågang på teststasjonen i Volda. Heile 139 voldingar har testa seg på to veker, men det er ikkje kome positive prøveresultat så langt.
Publisert: 16.07.2020 kl 13:53 - Oppdatert: 16.07.2020 kl 14:34
Ordførar Sølvi Dimmen ønskjer alle voldingar ein god sommar og oppmodar til ein felles innsats for å unngå smittespreiing i ferien. – Når dei nasjonale påboda er lempa på, er ansvaret i større grad overført til kvar enkelt av oss.
Publisert: 16.07.2020 kl 12:45
Aldri før har Høgskulen i Volda lyst ut så mange stipendiatstillingar i løpet av eitt år som i 2020 – heile 14 i talet.
Publisert: 15.07.2020 kl 18:00
Før sommaren vart Tilstandsrapporten for grunnskulen 2019-2020 lagt fram for kommunestyret. Rapporten tek føre seg resultat i gamle Volda kommune, og syner at elevane i Voldaskulen har god framgang og gode faglege resultat.
Publisert: 15.07.2020 kl 14:35 - Oppdatert: 15.07.2020 kl 15:03
Ein mann i 20-åra er mistenkt for promillekøyring i Volda, og ved undersøking av mannen sin bopel fann politiet narkotika.
Publisert: 15.07.2020 kl 11:45 - Oppdatert: 15.07.2020 kl 11:45
Uteseksjonen er i full gang med å henge opp plakatar og skilt rundt om kring i heile Ørsta kommune for å minne om smittevernreglane.
Publisert: 14.07.2020 kl 13:00
Avdelinga for vatn og avløp i Volda kommune krev erstatning frå avdelinga for samfunnsutvikling for kostnadar dei har hatt med ein tett pumpestasjon på avløpsnettet på Grodås. Dei meiner massar frå utbygginga av Løvland byggefelt har tetta stasjonen.