Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 20.08.2024 kl 12:00
Volda Handballklubb held fram sesongoppkøyringa, og har spelt Fjellhammer Cup denne helga. Her møtte dei mellom anna laget dei skal møte i serieopninga: Flint-Tønsberg.
Publisert: 19.08.2024 kl 15:04
Stikk Ut-turar er blitt ein svært populær aktivitet, og på landsbasis er det registrert 500.000 turar frå sommarsesongen starta 1. mai. Ekteparet Tone Jemne Grimstad og Audun Grimstad frå Volda har ei målsetjing om å gå 50 turar dei ikkje har gått før i løpet av året.
Publisert: 14.08.2024 kl 13:57
Det er sett av midlar til opprusting av leikeplassar i Volda kommune, og no skal Oppigarden barnehage få nye utandørs leikeapparat.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 13.08.2024 kl 09:50
Fleire nye spelarar er på veg til Volda, og eit kjent andlet gjer comeback i den grøne trøya.
Publisert: 12.08.2024 kl 11:06
Fylkesøkonomien gjer at ei rekke prosjekt i programmet «Møre og Romsdal 2025» er lagt ned. Eit av dei er satsinga på lokalmat for å sikre mattryggleik og berekraft. Trass ein lovande start, gjer dette at lokalmatprosjektet i Volda kommune går ei usikker framtid i møte.
Publisert: 12.08.2024 kl 09:21
Sjukehusvegen skal få ny asfalt, men først må kommunen undersøkje om leidningsnettet må rustast opp.
Publisert: 09.08.2024 kl 19:35 - Oppdatert: 09.08.2024 kl 20:18
Volda vann 8-1 i bortekampen mot Hareid fredag kveld, og ein av Volda sine nye spelarar skåra hat-trick i debutkampen.
Publisert: 09.08.2024 kl 15:35
Eiksundtunnelen er opna etter at ein bil fekk motorstopp.
Publisert: 09.08.2024 kl 14:55
Når Per Høiby går av som sjef for pr-byrået First House er det tidlegare FrP-statsråd Jon Georg Dale som overtek.
Publisert: 09.08.2024 kl 14:45
17 bilførarar fekk fartsbot og ein mista førarkortet under ein kontroll på E39 Kvivsvegen i Austefjorden.
Publisert: 09.08.2024 kl 09:30
Torsdag kveld vart ein motorsykkelførar stoppa av politiet etter å ha køyrt 105 km/t i Helgehorntunnelen.
Publisert: 09.08.2024 kl 07:45
Adm.dir. i Helse Møre og Romsdal, Olav Lødemel, varslar eit stort omstillingsbehov i helseføretaket for perioden 2025-2028. Heile 500 millionar kroner må sparast inn, og planen er at 200 millionar skal sparast i 2025. - Alle oppgåver og funksjonar skal gjennomgåast.
I fjor gjekk Ørsta kommune ut og åtvara om spreiinga av den giftige planten Landøyde. No er den komen til Volda. Etter at Aslak Telset gjekk ut og åtvara mot Landøyda, ser han at fleire har byrja å rydde på eigedomane sine i Røyslida-området. Men mykje står framleis att i vegkantane.
Publisert: 09.08.2024 kl 07:42
Tal frå Stikk ut syner at det er registrert flest turar i Volda av alle kommunane på Søre Sunnmøre.
Publisert: 09.08.2024 kl 05:00
VTI Fotball senior herrar spelar sin første kamp i haustsesongen borte mot Hareid.
Publisert: 08.08.2024 kl 11:40
Natt til tysdag melde politiet om nattestøy i Ørsta sentrum.
Publisert: 08.08.2024 kl 09:45
Brunvoll har signert kontrakt for leveranse av framdrifts- og manøvreringssystem til to kjemikalietankarar.
Publisert: 07.08.2024 kl 14:50
To bilførarar fekk fartsbøter under ein kontroll i Austefjorden.
Publisert: 07.08.2024 kl 14:45
Seks bilførarar fekk fartsbøter under ein kontroll i 50-sona på Vartdal. Seinare fekk to førarar fartsbøter når UP flytta seg til Vartdalsstranda.
Publisert: 07.08.2024 kl 10:10
I siste treningskamp før haustsesongen i 4. divisjon gjekk Volda på eit 4-1 tap mot nabo Ørsta i finalen i Sæbø cup. – Ein god peikepinn på at ferdigheiter ikkje trumfar innsats, og at vi på ingen måte kan gå inn i haustsesongen og tru vi skal få noko gratis.
Publisert: 06.08.2024 kl 09:40
Natt til tysdag fekk politiet melding om støy i Ørsta sentrum.
Publisert: 06.08.2024 kl 05:00 - Oppdatert: 06.08.2024 kl 07:21
Aslak Telset har oppdaga mykje av planten Landøyde i området der han bur i Røyslida. – Mange er nok ikkje klar over at dette er ein farleg plante, og berre ser på det som ein fin, gul blome. Men den er giftig og spreier seg raskt.
Publisert: 05.08.2024 kl 17:05
Ein volding skåra 18 mål då AaFK Fortuna J19 tok bronsemedalje i Norway Cup.
Publisert: 05.08.2024 kl 16:05 - Oppdatert: 05.08.2024 kl 16:45
Politiet melder at ein gut på sju år er påkøyrt i fotgjengarfelt ved Sjukehusrundkøyringa i Volda.
Publisert: 05.08.2024 kl 15:42
I helga var det spelt Sæbø cup, og Ørsta gjekk til topps i treningsturneringa etter 4-1 siger mot Volda i finalen.