Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 14.05.2020 kl 22:00
Fleire i Volda og Ørsta har søkt om støtte for korona-avlyste, stengde eller utsette arrangement.
Publisert: 14.05.2020 kl 15:55 - Oppdatert: 14.05.2020 kl 15:56
– Vi har dessverre kome fram til at vi ikkje kan drive kafeen framover. Det er utruleg trist og det er med tungt hjarte at vi dessverre må stengje dørene til Løvland Spiseri, skriv drivarane bak kafeen.
Publisert: 14.05.2020 kl 10:00
– Volda filmteater er glade for å kunne opne dørene igjen, og tilby film på stort lerret, seier kinosjef Kardis Hasfjord. Første framsyning blir fredag. Dei har gjort mange gode smitteverntiltak, så publikum kan føle seg trygge.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 13.05.2020 kl 22:00
Fredag 15. mai 2020 skal Åknes/Tafjord Beredskap IKS (ÅTB) teste varslingssystemet.
Publisert: 13.05.2020 kl 18:00
I år handlar det ikkje om å vinne fotballkampen, men å vinne over den andre kommunen i tal selde billettar til den fiktive fotballkampen.
Publisert: 13.05.2020 kl 15:56
Møre og Romsdal politidistrikt har i første veka av mai skrive ut fem førelegg i to ulike saker, kvar av dei på 20.000,- kroner til arbeidstakar etter brot på karantenebestemminga og 30.000 kroner til arbeidsgivarar som har sett dei i arbeid.
Publisert: 13.05.2020 kl 11:40 - Oppdatert: 13.05.2020 kl 13:38
Onsdag i 11:45-tida: Eiksundtunnelen er stengt grunna bilberging av vogntog. Politiet melder om at det vert kolonnekøyring medan redningsarbeid vert utført. Tunnelen opna att like etter kl 13:00.
Publisert: 13.05.2020 kl 10:00
For to månadar sidan vart mykje stengt ned i Noreg på grunn av koronapandemien, slik også i Volda. Laurdag tok vi ein prat med folk vi møtte på gata om korleis denne perioden har vore, og korleis det kjennest når ting held på å opne opp igjen.
Publisert: 12.05.2020 kl 22:00
Ei kvinne i starten av 40-åra frå Volda er dømt for fleire lovbrot.
Publisert: 12.05.2020 kl 10:00
Etter to månadar med stengde dører, var kinosjef Janne M.G. Skarstein veldig glad for å invitere til kino igjen fredag. Med mange smitteverntiltak, lovar ho eit trygt kinotilbod.
Publisert: 10.05.2020 kl 22:00
Musikkorpsa har byrja å øve for fullt fram mot 17. mai, og i Hornindal nyttar dei heile bygda som øvingslokale. – Det er ikkje mange som kan vise til tilsvarande, seier dirigent Connie Steffenakk Bakke.
Publisert: 10.05.2020 kl 10:00
– Eg har tidlegare vore med på fleire slike turar, men aldri i Tafjordfjella, seier Stig Helset, turplanleggjar og fjellentusiast. Måndag førre veke la fem røynde skiløparar i veg, og runda Tafjorden i høgda på ein dag!
Publisert: 09.05.2020 kl 21:00
– Håpar me får jakte på mange solnedgangar, eg og du. Det seier Linda Eirin Eiken til dottera si, Marysol på ni månadar, som trass sin unge alder allereie har vore på to teltturar!
Publisert: 09.05.2020 kl 15:00
Torsdag 7. mai skulle det vere regnbogemesse i Ørsta kyrkje for fyrste gong. Slik vart det ikkje, men torsdag kom sokneprest i Ørsta, Arne Moltubak med ei helsing til festivaldeltakarane.
Publisert: 09.05.2020 kl 10:00
Rotlaus AS søkjer Ørsta kommune om stønad til skredutgreiing og detaljkartlegging for å utvide bygget dei no oppheld seg i, for det har blitt for lite.
Publisert: 03.05.2020 kl 18:00
Volda skulekorps skal spele saman med Volda Hornmusikk på 17. mai. Dei skal opptre utanfor sjukehuset og Volda omsorgssenter. Tysdag hadde dei si første øving ute sidan dei måtte leggje ned øvingane på grunn av Koronapandemien.
Publisert: 02.05.2020 kl 20:00
Seks born og ungdom frå Volda har vore med i ei konkurranse om å lage ei kyrkje på YouTube- kanalen til Gamingpresten. Kyrkja frå Volda hevda seg svært godt og plasserte seg til slutt i toppsjiktet.
Publisert: 02.05.2020 kl 18:00
Ein eldre modell av Steyr 8070 har fått nytt liv etter totaloverhaling i Furene. Traktoren til Per Magne Grebstad står no fram som ny, til og glede for eigaren sin!
Publisert: 01.05.2020 kl 20:00
- Eg likar å utforske dei mørke sidene. Leitar ein med «lommelykt» i mørkeret finn ein mykje spennande, seier kunstnar Marius Konrad Vartdal. Koronatida har gitt han inspirasjon til å skape dramatiske bilde.
Publisert: 01.05.2020 kl 15:00
Anne-Lise Fredly er fast kunde hos frisør Hilde Britt Kviebakk. Ho var ein av dei første kundane etter nyopninga med dei nye smittevernreglane. Stamkunden stolar på dei tiltaka salongen har sett i verk.
Publisert: 26.04.2020 kl 15:00
Leiar for Ørsta kulturhus og kino har vendt seg til Ørsta kommune for å høyre om ho kan arrangere familiekinoar.
Publisert: 25.04.2020 kl 15:00
I det gamle lokalet til Fugl Føniks i Ørsta vil eit ektepar no starte «Matglede i Ørsta». Her vil dei ha kafé og utsal for kortreiste matvarer.
Publisert: 22.04.2020 kl 09:58
Reidun Aambø søkjer Ørsta kommune om kulturtilskot til prosjektet sitt. Prosjektet går ut på at ho skal skrive ei bok om kvinner i Ørsta og Volda. 45 kvinneportrett frå Berte Kanutte til Beady Belle.
Publisert: 21.04.2020 kl 09:20 - Oppdatert: 21.04.2020 kl 13:52
Ørsta Senterparti ville vere med å arrangere ein «drive-in»-konsert i Ørsta, der fleire artistar skulle opptre. Men kommunen måtte seie nei.
Publisert: 17.04.2020 kl 16:25 - Oppdatert: 17.04.2020 kl 17:04
Skulesjefen i Volda meiner det ikkje er grunn til uro for smittespreiing frå pasientar ved legekontoret som er plassert ved nye Øyra skule når småskulen opnar att 27. april.