Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 01.03.2024 kl 11:00
På startstreken i Barcelona halvmaraton 11. februar 2024 stod 28.000 spente løparar, og blant dei: Egil Arne Standal som skulle ut på sitt halvmaratonløp nr. 100! Og løp nummer 100 vart gjennomført over all forventning, sjølv om treningane før løpet hadde vore tunge.
Publisert: 01.03.2024 kl 07:00
Hornindal historielag er i gang med innsamling av materiale og oppretting av lokalhistorisk arkiv i Hornindal.
Publisert: 29.02.2024 kl 20:00
Eit utval innbyggjarar i Ørsta over 70 år vil frå veke 10 ta i mot tilbod om å få levert posten på døra frå postbodet. I tillegg har postbodet med relevant informasjon om aktivitetar i kommunen og anna informasjon.
Publisert: 29.02.2024 kl 16:00
Stikk UT! har blitt ein skikkeleg suksess i Møre og Romsdal. No skal konseptet lanserast nasjonalt.
Publisert: 29.02.2024 kl 14:37
Etter over 50 år har dei siste lærarane låst kontora sine, studentar forlate undervisningsroma og den siste boka i bokhandelen i Ivar Aasen-huset er selt.
Publisert: 29.02.2024 kl 13:00
Lene Loy, det nye studentombodet ved Høgskulen i Volda, ser fram til å hjelpe studentar, og har trua på at ein god prat kan løyse mange utfordringar.
Publisert: 29.02.2024 kl 11:00
VTI-symjing var representert under Vårduppen ved Astrid Kobbevik Mikalsen (f. 2014), Ingeborg Korsfur Ose (f. 2013) og Elida Straume (f. 2013).
Publisert: 28.02.2024 kl 20:00
7. februar var det konstituering av nytt representantskap for Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS (VØR).
Publisert: 28.02.2024 kl 18:00
Volda Pensjonistlag hadde no i februarmøtet eit triveleg pensjonistmøte, med årsmøte. Kirsten Lillenes leia møtet, og opna med å minnast dei medlemmene som i siste året har gått bort. Gudveig Sollid spelte til songen «La oss leve for kvarandre» – ei fin markering for medlemmene i laget.
Publisert: 28.02.2024 kl 14:12
Ein mann i 30-åra, busett ein annan stad i landet, er no sett under tiltale av Statsadvokatane i Møre og Romsdal, for å ha hatt seksuell omgang med eit barn under 14 år.
Publisert: 28.02.2024 kl 13:00
Det nærmar seg opning av det nye akuttrommet ved Volda sjukehus.
Publisert: 28.02.2024 kl 11:00 - Oppdatert: 28.02.2024 kl 11:03
Fredag tek Ørsta over sentralbordet for Volda, og tek imot telefonar for begge kommunane.
Publisert: 27.02.2024 kl 20:00 - Oppdatert: 27.02.2024 kl 22:26
Jørgen Hofsrud (23) frå Årnes skal bli den nye brannførebyggjaren i Volda kommune. Med bakgrunn frå sal og fotografi, har han no funne interessa for å jobbe med brannførebygging.
Publisert: 27.02.2024 kl 18:00
Møre har vore i kontakt med Hornindal skisenter, Volda skisenter og Ørsta skisenter, og alle har hatt ein god sesong til no, samtidig som dei håper at snøen og kulda held seg til over påske.
Publisert: 27.02.2024 kl 16:10 - Oppdatert: 27.02.2024 kl 16:10
Politiet leitar etter Julian Gunn Montague (23) som sist vart observert ved Sundebygget i nærleiken av NTNU i Ålesund fredag 23. februar kl. 21.00.
Publisert: 27.02.2024 kl 10:32
I eit ekstraordinært styremøte ved Høgskulen i Volda søndag morgon så vart det vedteke at administrasjonssjef Kjell Einar Dagfinrud skal fungere som høgskuledirektør ei tid, medan Ann-Kristin Emblem er sjukmeld.
Publisert: 26.02.2024 kl 16:00
Mariann Sporstøl har dilla på strikking. No leverte ho 30 små, søte sokkar til fødeavdelinga i Volda.
Publisert: 26.02.2024 kl 13:00
– Det har vore veldig kjekt, seier Julian (7).
Publisert: 26.02.2024 kl 11:00
I høve morsmålsdagen hadde tilsette i Bratteberg barnehage invitert nokre av våre foreldre som er elevar ved Volda Læringssenter til å kome i barnehagen å lage mat frå deira land.
Publisert: 26.02.2024 kl 07:00
Dei siste tre vekene er det stadig færre som har vorte smitta av RS-virusinfeksjonar, og endå færre som får korona, ifølgje FHI sin vekerapport.
Publisert: 25.02.2024 kl 18:00
– Det er gledeleg med både folketalsauke og fødselsoverskot, seier ordførar i Volda, Sølvi Dimmen.
Publisert: 25.02.2024 kl 16:00
Samtidig som at mange legg ut på skitur i vinterferien, er skredfaren høg fleire stader i landet. No fryktar ekspertar rekordår for skredulykker.
Publisert: 25.02.2024 kl 13:00 - Oppdatert: 15.03.2024 kl 08:55
– Ein finn roa. Får nullstilt seg og etterpå blir ein avslappa, fortel Christel Olsen Aam om det å bade saman med tre veninner på Andaneset kvar laurdag året rundt.
Publisert: 25.02.2024 kl 11:00
Eit samrøystes Ulstein formannskap innstilte torsdag ettermiddag Jarl Martin Møller som ny kommunedirektør.
Publisert: 25.02.2024 kl 07:00
Ved utgangen av 2023 var det fleire personar i jobb i Noreg enn året før. I fjerde kvartal viser tala at sysselsetjinga gjekk opp med 27.000.