Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 15.10.2023 kl 13:00
Fylkesutvalet vedtok nyleg å ikkje gå inn for motsegn mot ny reguleringsplan for Voldatunnelen. Det er Volda-ordførar Sølvi Dimmen glad for. Volda kommune handsamar planen i november.
Publisert: 15.10.2023 kl 11:00
Styreleiaren i Helse Møre og Romsdal, Ingve Theodorsen, seier han har god tru på at problema med Helseplattforma vil bli løyst. – At kommunane på Søre Sunnmøre vel å utsetje innføring av plattforma, har ingen innverknad, meiner han.
Publisert: 15.10.2023 kl 07:00
– Eg svært godt nøgd med heimetenesta og heimesjukepleia i Volda, seier Narve Birkeland (92). Han kan knapt få fullrost dei tilsette nok.
Medan det rett som det er kjem medieoppslag om kriser i eldreomsorga kring om i landet, går Heimesjukepleia i Volda motstraums. Trass i ein krevjande geografi i kommunen og mange andre utfordringar, haustar dei ros, både frå brukarar, pårørande og eigne tilsette.
Publisert: 14.10.2023 kl 20:00
I løpet av dei to siste vekene har Vik Ørsta engasjert seg i ei hjartevarm kampanje i høve Verdsdagen for psykisk helse.
Publisert: 14.10.2023 kl 18:00
Volda kommune får ein auke i frie inntekter på om lag 6,2 % i framlegget til statsbudsjett, noko som utgjer ein vekst på 43 millionar kroner. Men dei pengane skal kompensere for både løns- og prisveksten, samt billegare barnehage og SFO. – Og med auken i renteutgiftene så er veksten oppeten...
Publisert: 14.10.2023 kl 13:00
Etter å ha vore under oppussing og ombygging sidan sommaren 2022, skal Hans Strøm-huset no huse yrande studentliv. Statsbygg har lukkast med å lande prosjektet både innan tidsfristar og økonomiske rammer.
Publisert: 14.10.2023 kl 07:00
14. oktober er kjent som «vinterdag», og er første dag i vinterhalvåret på Primstaven.
Publisert: 13.10.2023 kl 20:00
Statsforvaltaren Møre og Romsdal avsluttar no tilsyn med skulemiljøet i Volda kommune.
Publisert: 13.10.2023 kl 15:07
Ørstingen Fredric Holen Bjørdal, som fram til no har arbeidd som advokat hos Øverbø Gjørtz, skiftar beite. Heretter skal han arbeide hos advokatfirmaet Kvale.
Publisert: 13.10.2023 kl 13:00
TV-aksjonen arrangerer snart sin årlege velferdsdag, og erfaringane tilseier at i år som i fjor, kjem det til å bli ein stor suksess.
Publisert: 13.10.2023 kl 10:16 - Oppdatert: 13.10.2023 kl 10:20
Journalisten og forfattaren Jon Ottar Hustad frå Hjørundfjorden vart 55 år gammal.
Publisert: 12.10.2023 kl 20:00
Volda og Ørsta skilde lag for 140 år sidan, 1. august 1883. Dagens ordførar i Ørsta, Per Are Sørheim, fortel at det vert jobba med ei markering av dette.
Publisert: 12.10.2023 kl 16:25
Volda kommune har blitt kontakta av ein huseigar som hevdar pipa ikkje har blitt feia på 16 år. No vonar ho at feiaren kan kome innom snarast, og ta med kamera for å sjå ned i pipa om alt er i orden.
Publisert: 12.10.2023 kl 13:00
Fredag 20. oktober kjem Kristian Haugen frå Hornindal i ut med si nye plate som har fått namnet «Ny Dag». Plata inneheld elleve av hans sjølvskrivne låtar, alle med norske tekstar.
Publisert: 12.10.2023 kl 11:00
Dokumentarfilmregissør Ragnhild Nøst Bergem er kinoaktuell med filmen «Ola – en helt vanlig uvanlig fyr». 15. oktober vert det spesialvising hos Volda Filmteater, der regissøren er til stades.
Publisert: 11.10.2023 kl 15:35
MS «Frøy Challenger» låg onsdag i Voldsfjorden for mannskapsbyte, og i påvente av betre vêr. Skipet er rigga for avlusingsoppdrag for oppdrettsselskapet Mowi.
Publisert: 11.10.2023 kl 13:54
Politimeisteren i Møre og Romsdal har sett ein ung ørsting under tiltale etter fleire tilhøve av aktlaus køyring med motorsykkel.
Publisert: 11.10.2023 kl 13:00
Kystverket gir Ode AS løyve til etablering av akvakulturanlegg for torsk ved Lokkvi i Volda kommune.
Publisert: 11.10.2023 kl 12:00 - Oppdatert: 11.10.2023 kl 12:59
Helse Møre og Romsdal opprettar personalsak etter at ein sjukepleiar i Ålesund la ut ein hyllest til Hamas i sosiale medium. Det opplyser Kommunikasjons- og samhandlingsdirektør May-Helen Molvær Grimstad til Møre.
Publisert: 11.10.2023 kl 11:06
I dag og i morgon vert det vått og vindfullt i Volda. Det skal regne 21 mm onsdag, og 24 mm torsdag, med inntil 23 m/s i vindkasta.
Publisert: 11.10.2023 kl 11:00
Utstyrt med bestemor si oppskriftsbok, vil Ida Charlotte Edwards tilby ekte Tex-mex-mat til voldingar og gjennomreisande. Ho har søkt kommunen om serveringsløyve, og ventar spent på svar.
Publisert: 11.10.2023 kl 07:00
Kvar skal julegrana i Ørsta stå, og når skal lysa på treet tennast? Det vart ein engasjert debatt i Ørsta kommunestyre torsdag, før dei landa på eit vedtak i den første ordinære saka for det nye kommunestyret.
Publisert: 10.10.2023 kl 18:00
Møre og Romsdal fylkeskommune gir Ode AS løyve til å etablere akvakulturanlegg for matfisk av torsk på Støylen, med ei biomasse på 3.500 tonn.
Publisert: 10.10.2023 kl 16:00
Fylkesutvalet handsama 5. oktober ei sak om motsegn mot områderegulering E39 Volda-Furene.