Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 10.05.2022 kl 14:50 - Oppdatert: 10.05.2022 kl 15:33
Eit vogntog som fekk stans gjorde at Eiksundtunnelen var stengt ei periode tysdag ettermiddag i påvente av bilberging. Etter kvart vart det sett i verk kolonnekøyring i tunnelen.
Publisert: 10.05.2022 kl 13:00
Fotgjengarar kan vere vanskelege å få auge på no som E39 ved Vikeneset i Volda sentrum er lagt om i ein slakk boge forbi ferjekaia. – Det blir gjort løpande vurderingar, lovar Statens vegvesen.
Publisert: 09.05.2022 kl 18:00
Tysdag 10. mai går startskotet for TINEstafetten, der nærare 100.000 skuleelevar spring i bygd og by i heile Noreg. Etter to år med avlysingar og restriksjonar, er det endeleg tid for å samlast igjen til verda sin største stafett.
Publisert: 08.05.2022 kl 18:00
Sporstøl Arkitekter har no bede Volda kommune om ei førehandskonferanse knytt til etablering av nytt næringsbygg i Furene. Oppdragsgjevar er Furutunet AS ved Martin Brænne.
Publisert: 07.05.2022 kl 18:00
I Laurdalselva på Bjørkedalen står ei rekonstruert oppgangssag, og i helga var det dugnad for å få den operativ igjen.
Publisert: 06.05.2022 kl 18:00
Hotel Union på Øye har vore under storstilt oppussing dei siste to åra, og første helga i juni er det klart for opningsfest. Heretter vert det heilårsdrift ved det 131 år gamle hotellet.
Publisert: 06.05.2022 kl 15:50
Stein Aam (Sp) har sagt nei til attval som ordførar i Ørsta i kommunevalet neste år.
Publisert: 05.05.2022 kl 18:00
Representantar frå Volda og Ørsta kommunar har nyleg vore i møte med Volda og Ørsta reinhaldsverk for å diskutere etablering av ein reparasjons- og gjenbrukssentral.
Publisert: 04.05.2022 kl 18:00
Forbundsheimen i Volda hadde ei lang historie i veggane. No har kapittelet for bygget tatt slutt, og eit nytt kapittel byrja. Denne veka vart rivearbeidet gjort ferdig og ei nye epoke starta med å byggje nye leilegheiter i Fjellvegen.
Publisert: 03.05.2022 kl 18:00
Dottera til hotelldirektør Mariann Øye, Athina (9), sa på Norge Rundt for to år sidan at ho i framtida ville byggje ut Hotel Union Øye og få islagt dam til skøyting i hagen. No er det ein realitet!
Publisert: 02.05.2022 kl 18:00
Tradisjonen tru vart det markering av 1. mai på Volda samfunnshus i helga. Etter to år med restriksjonar fekk Arbeidarpartiet i Volda saman med SV og LO ynskje velkomne til markeringa, denne gongen med partiet Raudt på invitasjonslista.
Publisert: 01.05.2022 kl 18:00
– Vi føler at dette er ein liten siger. Vi har klart å stable oss på beina igjen til trass for Putin sine iherdige forsøk på å knuse moglegheitene til å drive næringsverksemd i Ukraina, seier Jan Peter Lannerholm, dagleg leiar i Pro-Nor Gruppen AS.
Publisert: 30.04.2022 kl 18:00
Årets asfaltsesong er i ferd med å starte opp. Over 700.000 tonn asfalt skal leggjast på nesten 900 kilometer riksveg i løpet av året. Volda får litt ny asfalt i sentrum.
Publisert: 28.04.2022 kl 18:00 - Oppdatert: 28.04.2022 kl 19:51
Torsdag: I dag hadde kommunestyret oppe saka om finansiering av ny symjehall i Volda. Det var både for og motinnlegg, men det gjekk slik som venta.
Publisert: 27.04.2022 kl 14:20
– Ingrid Jamtli Rye var 19 år då ho kom til oss frå Spjelkavik i 2018, og har tatt store steg gjennom sine år her i Volda, skriv Volda handball på sine heimesider.
Publisert: 25.04.2022 kl 18:00 - Oppdatert: 25.04.2022 kl 18:54
Gunstein Ohma er tilsett som avdelingsleiar vaksenopplæring og integrering i Volda kommune.
Publisert: 24.04.2022 kl 18:00
Det var fine forhold med sol og rikeleg med snø då Spenningskurset vart arrangert på Bjorli 5.–8. april.
Publisert: 24.04.2022 kl 13:00
Nynorsk kultursentrum deler ut prisen for Årets nynorskbrukar til miljøaktivist og forfattar Gaute Eiterjord, for å setje klimasaka på dagsorden på nynorsk.
Publisert: 23.04.2022 kl 18:00
Statens vegvesen er snart klar til å opparbeide landarealet på Vikeneset og rive den gamle ferjekaia.
Publisert: 23.04.2022 kl 16:00
Over 50 utøvarar deltok på gateløpet som Ørsta IL friidrett arrangerte tysdag 19. april i området rundt Ripateigane. I dette løpet fekk også dei aller yngste vere med. Det fine vêret og varmen gjorde at det vart ekstra god stemning på løpet.
Publisert: 22.04.2022 kl 20:00
Det er meldt flott vêr til helga, med god temperatur – og moderat skogbrannfare.
Publisert: 22.04.2022 kl 18:00
20. april heldt Statens vegvesen tungbilkontroll på Kjøs. Fleire av dei kontrollerte køyretøya fekk mangellappar.
Publisert: 21.04.2022 kl 18:00
Anne Bjørkedal har meldt si interesse for å ta over Bjørkedal skule, saman med dottera og sambuaren hennar, med fleire.
Publisert: 20.04.2022 kl 18:00
Volda Røde Kors har gått til innkjøp av ny utrykkingsbil med støtte frå Sparebanken Vest sitt eldsjelfond. – Røde Kors er ein enkel organisasjon å gi støtte til, slår Frank Vatne fast.
Publisert: 19.04.2022 kl 18:00
I løpet av påska 2022 hadde Røde Kors Hjelpekorps totalt 35 ulike oppdrag. Det er på same nivå som i påska 2019.