Klargjør siden...
Annonse

Artikler av Liv Jorunn Nyhagen

Nytt smittetilfelle i Volda

Nytt smittetilfelle i Volda

Publisert:

Volda kommune fekk måndag 27. september melding om eit nytt smittetilfelle med covid-19.

Ber gjestar på Tredet ha låg terskel for å teste seg

Nytt smittetilfelle i Ørsta kommune:

Ber gjestar på Tredet ha låg terskel for å teste seg

Publisert: - Oppdatert: 27.09.2021 kl 12:50

Ørsta kommune fekk i dag 27.09. melding om eit nytt smittetilfelle med covid-19. Vedkomande testa seg på grunn av symptom. Smittevegen er førebels ukjend. Nærkontaktar er varsla.

No kan du reise med FRAM Svipp til flyplassen

No kan du reise med FRAM Svipp til flyplassen

Publisert:

Frå måndag 27. september kan du reise kollektivt til flyplassen morgon, kveld og helg - med FRAM Svipp.

Annonse
Annonse
Ynskjer å vere med vidare

Stiftinga Voldabadet:

Ynskjer å vere med vidare

Publisert:

Stiftinga Voldabadet ynskjer å kome inn som symjefagleg kompetanse i evalueringsnemnda.

Skal velje representantar til evalueringsnemnd for symjeanlegg

Byggjenemnda:

Skal velje representantar til evalueringsnemnd for symjeanlegg

Publisert:

Måndag skal byggjenemnda i Volda kommune velje to representantar til ei nemnd som skal evaluere dei innkomne tilboda på nytt symjeanlegg.

– Korleis kan vi løfte reiselivet i Volda kommune?

– Korleis kan vi løfte reiselivet i Volda kommune?

Publisert:

29. september vert det folkemøte på Bjørke knytt til felles satsing på reiseliv.

Volda møter Grane Arendal

Handball 1. divisjon damer:

Volda møter Grane Arendal

Publisert: - Oppdatert: 25.09.2021 kl 12:45

I morgon er det klart for sesongen sin første heimekamp for Volda sitt damelag i 1. divisjon. Motstandar i Volda Campus Arena er Grane Arendal, som til no står med eitt tap og ein siger. Sigeren kom mot Reistad (31–30) og tapet mot Fjellhammer (27-28).

Forventar rekordsal av fyringsved

Høge straumprisar:

Forventar rekordsal av fyringsved

Publisert:

Straumprisane er rekordhøge for årstida og fyllingsgrada i vassmagasina er låg etter fjorårets vinter og ein tørr sommar. Som eit resultat av dette forventar Marius Søvik ved Obs Bygg Volda rekordhøgt sal av fyringsved framover.

Ropte ja til ny sentrumsskule

Elevane heia Ørsta-politikarane inn til kommunestyret:

Ropte ja til ny sentrumsskule

Publisert: - Oppdatert: 22.09.2021 kl 13:50

Trass at regnet ausa ned møtte alle elevane i 5.–7. trinn ved Vikemarka og Velle skular fram ved Ørsta kulturhus for å heie politikarane inn til kommunestyret. – No er det nok, vi vil ha ny skule!

Endå ein Hollywood-kjendis til Sæbø?

Endå ein Hollywood-kjendis til Sæbø?

Publisert:

Laurdag føremiddag gjekk det rykte om at det var ein Hollywood-kjendis som skulle kome til Sæbø. Då det kom fire helikopter inn fjorden var det fleire som fekk trua på at ryktet var sant.

God øving i Rotsethorntunnelen

God øving i Rotsethorntunnelen

Publisert:

Torsdag kveld hadde naudetatane fellesøving i Rotsethorntunnelen.

Kva kan rogna fortelje oss om vinteren som kjem?

Kva kan rogna fortelje oss om vinteren som kjem?

Publisert:

2021 har vore eit godt bærår, og akkurat no står rogna full av raude bær.

Vil ha turveg vurdert på nytt

Vil ha turveg vurdert på nytt

Publisert:

Friluftsforeininga Volda oppmodar Volda kommune om at reguleringsplanen som gjeld turveg rundt Rotevatnet vert teken opp til ny vurdering og vedteken.

Etterlyser eigar av elsykkel

Etterlyser eigar av elsykkel

Publisert: - Oppdatert: 17.09.2021 kl 08:42

Politiet har tatt hand om ein flott elsykkel som vart funnen i Volda sentrum. No etterlyser dei eigaren.

Knuste rute på høgskulebiblioteket

Knuste rute på høgskulebiblioteket

Publisert:

Ved midnatt mellom måndag og tysdag har ein ruteknusar vore på ferde og kasta stein gjennom ei av dei største rutene på biblioteket til Høgskulen i Volda.

Matauk på Møre folkehøgskule

Matauk på Møre folkehøgskule

Publisert:

Kvart år tidleg på hausten, blir all ordinær undervisning sett til side og bytta ut med matauk.

Full klaff for Hilde og Hauken

Full klaff for Hilde og Hauken

Publisert:

Då Hilde Indrøy ønskte seg tilbake til jobb etter ei tids sjukmelding, kom arbeids- og inkluderingsverksemda Furene på banen. Etter ei kartlegging av ønsker og ferdigheiter, fekk ho prøve seg som kontormedarbeidar hjå Hauken handverksteneste.

Offisiell opning av kulturinstitusjonen Tredet

Offisiell opning av kulturinstitusjonen Tredet

Publisert:

Det er om lag 35 år sidan Anne Lore Larsen starta kafeen Det Grøne Treet. Etter ei par år med stengde dører har kafeen opna opp igjen under namnet Tredet. Det er eit aksjeselskap med 86 aksjonærar som står bak. Kafeen skal no som før fungere som kulturinstitusjon for Volda-bygda. Opninga var...

Tre nye koronasmitta i Ørsta

Tre nye koronasmitta i Ørsta

Publisert:

Ørsta kommune fekk seint måndag kveld melding om tre nye smittetilfelle med covid-19.

– Strålande nøgd

Leiar i Volda SV:

– Strålande nøgd

Publisert:

Leiar i Volda SV, Ingrid Opedal, er godt nøgd med valresultatet, både i Volda og i fylket. Det ligg an til at Møre og Romsdal SV får ein representant på Stortinget.

Effektivt teljekorps

Effektivt teljekorps

Publisert:

Om lag halvparten av alle røysteføre voldingar røysta på førehand ved årets Stortingsval. Det har letta jobben for teljekorpset monaleg.

– Brakval for Senterpartiet

– Brakval for Senterpartiet

Publisert:

Det seier ein godt nøgd ordførar i Volda, Sølvi Dimmen. Førebels har Senterpartiet fått 23,3 prosent av røystene i Volda kommune, og 14 prosent på landsbasis.

Jamt besøk etter opning

Vallokalet på Mork:

Jamt besøk etter opning

Publisert:

Om lag 50 personar var innom i løpet av den første timen vallokalet på Mork heldt ope på valdagen.

– Viktig å bruke røysteretten

– Viktig å bruke røysteretten

Publisert: - Oppdatert: 13.09.2021 kl 09:37

Magne Hetle var ein av dei første som røysta i Volda sentrum på valdagen. Han meiner det er viktig å nytte røysteretten sin i eit demokrati.

Opnar Volda sitt første tatoveringsstudio

Realiserer sin store draum:

Opnar Volda sitt første tatoveringsstudio

Publisert: - Oppdatert: 15.09.2021 kl 16:22

Det er ikkje mange 20-åringar som tek steget ut og startar si eiga verksemd, men tatovør Anniken Hjelle har bestemt seg for å satse. Tatoveringsstudioet Bygdablekk opna 10. september.
– Det er litt skummelt, men når det er draumen så er det berre å hoppe i det, seier ho.