Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 22.08.2020 kl 18:00
Det er framleis nokre ledige bustader på studentheimane til SiVolda.
Publisert: 21.08.2020 kl 18:00
I samband med vedlikehaldsarbeid på E39 mellom Nordfjordeid og Kjøs skal to stikkrenner skiftast ut. Vegen blir difor heilt stengd ved Holmøyane to netter i veke 35.
Publisert: 20.08.2020 kl 18:00
28. august byr Utviklingsforum Hovden rikspolitikar og næringslivsaktørar inn til eit møte om framtida til kortbanenettet i Noreg generelt og flyplassen i Hovden spesielt.
Publisert: 19.08.2020 kl 18:00
Eit fjordspenn med fire faselinjer som gjekk frå Neshornet ved Høydalsneset til Blåfjellet ved Hjartåbygda, vart sanerte førre helg og måndag. Det er SFE Nett AS som er byggherre og Hallingmast AS som er innleigd entreprenør til å utføre arbeidet.
Publisert: 19.08.2020 kl 11:33
Som følgje av ein betydeleg svikt i etterspørselen etter flyreiser som følgje av Covid-19 pandemien, samt bortfall av statleg kjøp og lettelsar i avgifter, reduserer Widerøe tilbodet på ein rekke kommersielle kortbanestrekningar.
Publisert: 19.08.2020 kl 09:51
Det er stor pågang på telefonen for koronatesting i Ørsta kommune.
Publisert: 18.08.2020 kl 18:00 - Oppdatert: 19.08.2020 kl 08:20
Andreslåtten er i full gong. Sindre Humberset, som slår gras både for seg sjølv og andre, kan melde om god grasavling i år.
Publisert: 17.08.2020 kl 18:00
Victoria Ho-Yen (21) flyttar til Volda for å studere, busett i bubil. Men ho står utan plass til å parkere.
Publisert: 16.08.2020 kl 18:00
Voldakortet, eit felles gåvekort for butikkar, kulturopplevingar og medlemskontingentar i Volda kommune er snart klart.
Publisert: 15.08.2020 kl 18:00
Tysdag startar studieåret på Høgskulen i Volda og Faddervekestyret kan fortelje at fadderveka går som planlagt i Volda.
Publisert: 14.08.2020 kl 18:00
Det vart førre veke klart at breiddefotballen ikkje opnar 1. september likevel. Det er utfordrande for dei lokale fotballaga.
Publisert: 13.08.2020 kl 18:00
Robert Steinnes arbeider med figurativ kunst. Fredag skal han stille ut kunsten i Ulsteinvik.
Publisert: 13.08.2020 kl 13:00
Den arkeologiske registreringa på Skjervamarka går mot slutten. Så langt har arkeologen avdekt eit knippe flintstein, og det som potensielt kan vere stolpehol etter bygningar.
Publisert: 13.08.2020 kl 10:34
Statens vegvesen og politiet gjennomførte onsdag ein felles trafikkontroll i Ørsta.
Publisert: 13.08.2020 kl 09:37
Natt til torsdag var det 71 lynobservasjonar i Volda og Ørsta. Det førte til straumbrot fleire stadar.
Publisert: 13.08.2020 kl 09:16
13. august vert 57 straumkundar utan straum på føremiddag.
Publisert: 12.08.2020 kl 18:00
Kommande helg vert det eine luftspennet over Austefjorden historie – dersom vêret spelar på lag.
Publisert: 12.08.2020 kl 13:00
Volda Byggservice går ein svært spennande haust i vente med mange oppdrag og nye lokale.
Publisert: 11.08.2020 kl 18:00
I juni månad vart det sett rekord i straumproduksjonen på solcelleanlegget på Høgskulen i Volda, skriv høgskulen i eit nyhendebrev.
Publisert: 10.08.2020 kl 18:00
Søndag kveld var det førpremiere på filmen Radiokameratane på Volda Filmteater. Filmen handlar om Bygderadio Vest. Produsent André Folkestad og regissør Ingrid Ese Folkestad var på plass. Det var også to av hovudpersonane i filmen, Øystein Bakke og Paul Sundnes.
Publisert: 09.08.2020 kl 18:00
Arbeidet ved turvegen på Andaneset tek sikte på å starte opp igjen snarast etter ferien.
Publisert: 08.08.2020 kl 13:00
Nokon har teikna kjønnsorgan på gangfeltskilta i Myravegen. Det førte til ekstra kostnadar for Volda kommune som måtte sette opp nye skilt.
Publisert: 07.08.2020 kl 18:00
Onsdag starta den niande utgåva av Sommarljom, og dei starta med å setje publikumsrekord allereie første kvelden.
Publisert: 07.08.2020 kl 15:01
Det vert skjenkestopp ved midnatt framover. Seinare kan det bli aktuelt med munnbind på bussen.
Publisert: 07.08.2020 kl 13:00
Søndag har filmen Radiokameratene eksklusiv førpremiere ved Volda Filmteater. Kinosjefen lovar raud løpar, stettglas av plast med alkoholfrie bobler i, blomar og takketaler.